Lebensraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Lebensraum er eit tysk ord som tyder «livsrom». Politisk har ordet tilkytting til den nasjonalsosialistiske rørsla, som hadde makta i Tyskland frå 1933 til 1945. Adolf Hitler hadde ikkje berre tankar om å utvida tyskarane sitt landområde. Han såg på tyskarane som eit herrefolk. Difor burde tyskarane fortrengja andre og meir underlegne folkeslag. Fyrst og fremst skulle alle tysktalande eller tyskætta Heim ins Reich («heim till riket»), altså takast opp i det Stortyske riket.

Folkeslag som Slavarane austover i Europa vart sett på som underlegne folkeslag. I fyrste omgang skulle Hitler sitt rike utvidast mot aust. Det skulle skapast nytt livsrom for tyskarane, ved at dei til dømes tok over gode landbruksområde. Folkeslaga som budde der frå før måtte anten flytta vekk eller arbeida for tyskarane.

Tankane om Lebensraum var ein av grunnane til at krigføringa vart mykje brutal på austfronten under den andre verdskrigen.