Adolf Hitler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adolf Hitler til høgre, saman med Benito Mussolini

Adolf Hitler (fødd 20. april 1889 i Braunau am Inn, død 30. april 1945 i Berlin) var ein tysk diktator. Han var fødd i Braunau am Inn i Austerrike-Ungarn, og han døydde 56 år gamal i Tyskland etter å ha teke livet av seg saman med kona Eva Braun. Hitler var statsoverhovud i Tyskland frå 1934 til 1945. Han var hovudmannen bak Holocaust og den andre verdskrigen. Hitler var partileiar for partiet NSDAP frå 1921. Det fulle namnet på partiet var Nasjonalsosialistisk tysk arbeidarparti. Rørsla til Hitler vart av dette kalla nasjonalsosialistar. Av dette igjen kjem ordet nazisme.

I 1933 tok han over som rikskanslar innan Weimar-republikken etter general Kurt von Schleicher. Frå 1934 fekk han tittel som Førar og Rikskanslar ("Führer und Reichskanzler") og uinnskrenka makt som statsoverhovud for det tredje riket ("Drittes Reich"). Ein tenkte seg at Hitler si styringstid skulle vera ei tredje stordomstid til Tyskland, som naturleg skulle kunna samanlikna seg med dei to tidlegare tyske keisarrika.

Hitler vart sett på som ein sterk og karismatisk leiar av di han leia Tyskland ut av problema etter den fyrste verdskrigen. Regimet han leia slo hardt ned på all opposisjon, alt frå kommunistar til konservative, jødar, kristne, sigøynarar, homofile, utviklingshemma og andre.

Hitler sitt mål var å utvida Tysklands sine grenser, og ta att tapte landområde. Dette førte til samanslåinga med Austerrike og invasjonen av Tsjekkoslovakia og Polen. Allereie i boka Mein Kampf (Min kamp) frå 1924 la Hitler vekt på at tyskarane var eit herrefolk som trengde livsrom (Lebensraum). Livsromet kunne gjerne gå på kostnad av andre folkeslag. Hitler førde ein politikk med vekt på sterk militær opprusting og etter kvart krigføring. Målet vart etter kvart at store delar av Europa skulle gå inn i eit stortysk rike.

I Andre verdskrigen kjempa Tyskland til slutt ein krig på frontar både i aust og vest. Etter kvart vart det klart at Tyskland ville verta den tapande part, men Hitler kravde at kampen skulle førast til siste slutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adolf Hitler