Lennox Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lennox Robinson

Esmé Stuart Lennox Robinson (4. oktober 188614. oktober 1958) var ein anglo-irsk dramatikar, diktar og teaterprodusent og direktør ved Abbey Theatre.

Han var den yngste av fem barn som voks opp i i ein protestantisk unionistisk familie i County Cork. Far hans var ein meklar frå mellomklassen, men gav i 1892 opp karrieren for å bli prest i den irske protestantiske kyrkja.

Robinson var mykje sjuk som barn, og fekk privat utdanning heime før han sidan blei teken opp ved ein latinskule. Han var fantasirik, og laga mellom anna eit familieblad saman med søskena sine. Det første teaterstykket han skreiv, The Clancy Name, var inspirert av ei historie søstera hadde skrive for bladet.

Interessera hans for teateret blei vekka etter at han hadde sett ei oppsetting av skodespel av W. B. Yeats og Lady Gregory ved Cork Opera House i august 1907. Same året gav han òg ut sitt første dikt.

Den første oppføringa av eit av skodespela hans, The Cross Roads, skjedde i Abbey i 1909. Ved slutten av det same året blei han leiar for teateret. I 1914 sa Robinson opp stillinga etter ein mislukka turné i USA, men tok henne opp igjen i 1919. Han blei medlem av teaterstyret i 1923 og sat der fram til han døydde.

Robinson døydde i Dublin og er gravlagd i St. Patrick's Cathedral.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelforfattar var Robinson påverka av Ibsen og realismen, men skulle seinare fjerna seg frå denne.

Robionson var ein irsk nasjonalist, noko som er tydeleg i spel som Patriots (1912) og Dreamers (1915). På den andre sida høyrde til han ein del av det irske samfunnet som ikkje blei sett på som fullstendig irsk. Denne delinga av «ekte», katolske irar på den eine sida og angloirar på den andre syner han mellom anna i The Big House (1926), der eit protestantisk herskapshus blir brunne ned av ekstreme republikanarar.

Det best likte stykket hans var komedien The Whiteheaded Boy (1916). I 1951 gav Robinson ut Ireland's Abbey Theatre, det første lengre historieverket om teateret.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!