Realisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albertine i politilægens venteværelse av Christian Krohg. Krohg tok opp realistiske problem i det han skreiv og måla. Måleriet er realistisk, det minner om eit fotografi.

Realisme (frå latin res, 'ting, sak, tilhøve' i forma realis, og -isme) er eit omgrep for noko som er nært knytt til røyndom. Eit realistisk livssyn kan vera ei oppfatting som byggjer på konkrete kjensgjerningar, medan realistiske handlingar tek utgangspunkt i dei faktiske tilhøva. Realisme kan vera ein motsats til romantikk eller idealisme.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Innan filosofi viser realisme som regel til ei oppfatting om at den ytre røyndommen eksisterer uavhengig av medvitet.

I mellomalderen var det ein metafysisk retning som ut frå idélæra til Platon hevda at ållmennomgrepa har sjølvstendig eksistens uavhengig av enkeltting som fell inn under omgrepa. Til dømes finst «godheit» som abstrakt realitet i tillegg til og før godheita i einskilde handlingar og personar. Anselm av Canterbury er ein representant for denne retninga. Nominalisme er ein motsats til denne realismen.

Etter Kant har «realisme» hovudsakleg vore brukt om ulike former av ei oppfatting om at noko som blir oppfatta eksisterer uavhengig av korleis det blir oppfatta. I filosofi på 1700- og 1800-talet snakka ein om den naive realismen, at røyndomen er slik han fortonar seg for sansane, og den kritiske realismen, der ein meiner at sansane sine røyndomsbilete først må korrigerast. Representantar er mellom anna John Locke og Hermann Lotze. Idealisme er ein motsats.

I samtidsfilosofien har ein nytta termen om ei rekkje ulike filosofiske posisjonar. Ei grunnantaking for desse posisjonane synest å vera at ein meiner at setningar har meining og er sanne eller usanne uavhengig av om vi reint faktisk, eller til og med i prinsippet, er i stand til å avgjere sanningsverdet deira. Dersom ein slik metode av einkvan grunn ikkje kan førefinnast, er setninga verken sann eller usann, og ho er utan meining.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

'Den fattige landsbykona' av Gustave Courbet.

I kulturen viser det til rørsler som har gått inn for å skildra røyndommen nøkternt og objektivt, til dømes ved å måla «realistiske» bilete eller skriva romanar om «det verkelege livet». Realismen var særleg viktig innan kunst og kultur ved slutten av 1800-talet. Retninga har ofte hatt politiske eller sosiale trekk der ein ønska forbetra samfunnet gjennom kunsten. Nokre greiner innan den kulturelle realismen er naturalisme, sosialrealisme og sosialistisk realisme. Ei retning som skildrar ei røyndomsnær verd men med visse fantastiske trekk blir kalla magisk realisme.

Gustave Courbet var ein framtredande realistisk målar. Av andre kan nemnast Jean-François Millet, Edouard Manet, Jules Breton, Ilja Repin og Eilif Peterssen. Døme på realistiske forfattarar frå slutten av 1800-talet er Gustave Flaubert, Honoré de Balzac, William Thackeray, George Eliot, Ivan Turgenjev og Lev Tolstoj. Norske forfattarar innan denne retninga var mellom anna Henrik Ibsen, Alexander Kielland og Jonas Lie. Christian Krohg både skreiv og måla realistiske verk.

Statsvitskap[endre | endre wikiteksten]

Innan statsvitskap står realisme for eit syn på internasjonal politikk som typisk går ut på at menneske naturleg søker makt og egoistiske mål, og at konflikt og krig derfor alltid er mogleg. Eit slikt syn har vore hevda sidan oldtidhistorikaren Thukydides, av Macchiavelli på 1500-talet og Hobbes på 1600-talet, og i nyare tid av mellom anna E.H. Carr, Hans Morgenthau, Raymond Aron, Henry Kissinger og Kenneth Waltz.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]