Lesja kommune
| Lesja kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0512 |
| Fylke | Oppland |
| Adm.senter | Lesja |
| Areal | 2 257 km² |
| Folkemengd | 2 202 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011) | Steinar Tronhus (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.lesja.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Lesja kommune på Commons | |
Lesja kommune ligg i Oppland og grensar i nord til kommunane Nesset, Sunndal og Oppdal, i aust til Dovre, i sør til Vågå og Lom, i sør og vest til Skjåk, og i vest til Rauma.
Innhaldsliste |
Busetting [endre]
Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabanen og E136. Dei fleste innbyggerane bur i grendene Lesja, Lora, Lesjaverk, Lesjaskog og på Bjorli.
Næringsliv [endre]
Hovudnæringa i kommunen er landbruk. Nær 30 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider innan jordbruk. I dei siste tiåra har turisme blitt meir og meir viktig. Utbygging av hytter har skjedd på Bjorli og området rundt Lesjaskogsvatnet. Bjorli skisenter er eit viktig trekkplaster for Sunnmøringar og Romsdølar. Om sommaren køyrer NSB turisttog frå Åndalsnes til Bjorli.
Samferdsel [endre]
Jarnbana Raumabanen og hovudvegen frå Austlandet til Sunnmøre og Romsdal, Europaveg 136, går gjennom kommunen. Toga stoppar på Bjorli stasjon og om det trengst på Lesja stasjon. Det er ikkje togstopp på dei nedlagde Lesjaskog stasjon og Lesjaverk stasjon. Stasjonsbygget på Bottheim er fjerna.
Geografi [endre]
Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 m. over havet. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgde langs Raumabana og E136. Mykje av fjellterrenget ligg over 1500 m o.h., med dei høgste toppane i sørvest (t.d. Gråhø (lokalt namn Løyfthøe) 2014 m o.h. og Digerkampen 1956 m o.h.) og i nordaust (Storstyggesvånåtinden 2209 m o.h.). Platåbreen Storbrean på grensa mot Skjåk er den største isbreen i kommunen, det er mange andre mindre brear og fonner som gjer at vassføringa i dei fleste vassdraga er jamn gjennom heile sommaren.
Lesjaskogsvatnet ligg i kommunen, dette vatnet har to utløp som utgjer byrjinga på elvene Gudbrandsdalslågen og Rauma.
Klima [endre]
Lesja har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme somrar og betydelegeskilnader mellom dag- og nattetemperatur i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.
| Normaler for Lesja (572 moh.)[2] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Temperaturnormal (°C) | −9,2 | −8,3 | −4,1 | 0,7 | 6,6 | 10,6 | 12,2 | 11,1 | 6,8 | 1,8 | −4,0 | −8,1 | 1,3 |
| Nedbør (mm) | 35 | 27 | 24 | 15 | 20 | 40 | 50 | 42 | 37 | 40 | 35 | 45 | 410 |
Lesja innehar kulderekorden for Oppland fylke. På Lesjaskog blei det målt −45,0 grader 6. januar 1982. [3]
Tusenårsstad [endre]
Kommunens tusenårsstad er Tunstugu som ligg på Lesja Bygdemuseum. Stua rommer kafé og utstillingslokale for museet. I mange samanhengar er dette bygdas storstue, som blir nytta til bryllup, gravferder, store arrangement osv.
Vennskapskommune [endre]
Lesja kommune inngjekk den 29. oktober 2006 ein vennskapsavtale med Marijampole kommune i Litauen.
Kjente lesjingar [endre]
- Tora Berger - skiskyttar
- Lars Berger - skiskyttar og langrennsløpar
Verdt å sjå i Lesja kommune [endre]
Sjå òg [endre]
Referansar [endre]
Litteratur [endre]
- Kjelland, Arnfinn (1987–96) Bygdebok for Lesja – Lesja kommune (3 bd.), Lesja.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Heimesida til kommunen
- Informasjon om Gudbrandsdalen
- Kultur i Lesja på kart fra Kulturnett.no
- Lesja bygdemuseum
- Villreinfangsten som verdsarv
| Kommunar i Oppland | ||
|---|---|---|
| Dovre · Etnedal · Gausdal · Gjøvik · Gran · Jevnaker · Lesja · Lillehammer · Lom · Lunner · Nord-Aurdal · Nord-Fron · Nordre Land · Ringebu · Sel · Skjåk · Søndre Land · Sør-Aurdal · Sør-Fron · Vang · Vestre Slidre · Vestre Toten · Vågå · Østre Toten · Øyer · Øystre Slidre | ||