Liberal sosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
mini‎

Liberal sosialisme betyr å vere sosialist i økonomiske spørsmål, liberal i spørsmål om staten og individet.

Viktige bidrag til liberal tenking sidan 1970 har kome frå venstreliberale tenkjarar som John Rawls og Jürgen Habermas.

Liberale sosialistar hevdar at skatt, omfordeling og makt til dei tilsette ikkje er illiberalt, men heller føresetnader for reell fridom for alle. Fridomen til å realisere draumane sine kan ikkje berre vere for dei rike.

Ein må ifølgje liberal sosialisme supplere dei sosialistiske kjerneideane med sentrale liberale innsikter. Ein sosialistisk marknadsøkonomi, eller ein vidareutvikla blandingsøkonomi der mange av bedriftene er medarbeidareigde, kan etter liberale sosialistar sitt syn vere ein god idé.

I mange spørsmål er venstresida i eit land som Noreg faktisk meir liberal enn delar av høgresida, det gjeld til dømes spørsmålet om statskyrkjeordninga, kristne føremålsparagrafar og kjønsnøytral ekteskapslov.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Dag og Tid 19. juni 2009