John Rawls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Rawls

Fødd21. februar 1921
Baltimore
Død24. november 2002
Lexington
NasjonalitetUSA
Områdepolitisk filosofi, statsvitskap
Yrkefilosof, pedagog, universitetslærar, politikar
InstitusjonarPrinceton University
Harvard University
Massachusetts Institute of Technology
Cornell University
Alma materPrinceton University
Kent School
Calvert School
DoktorgradsrettleiarWalter Terence Stace
EktefelleMargaret Warfield Fox
BarnAnne Warfield Rawls
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
British Academy

John Rawls (21. februar 192124. november 2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunistar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet, ifylgje Rawls.

Rawls rettleidde den norske filosofen Andreas Føllesdal til doktorgraden sin.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rawls vart fødd i Baltimore i Maryland 1921.[2] Han var den andre av dei fem sønene til William Lee Rawls, ein framståande advokat i Baltimore, og Anna Abell Stump Rawls.[3][4] To av brørne hans døydde av sjukdom som barn, noko biografen til Rawls, Thomas Pogge, har kalla dei viktigaste hendingane i barndommen hans.[5]

Rawls som elev ved Kent School i 1937.

Rawls gjekk på skule i Baltimore før han vart elev ved Kent School, ein episkopalsk universitetsførebuande skule (preparatory school) in Connecticut. Etter å ha gått ut frå skulen i 1939 vart Rawls student ved Princeton University, der han vart medlem av The Ivy Club og American Whig-Cliosophic Society.[6] Ved Princeton vart Rawls påverka av Norman Malcolm, ein elev av Ludwig Wittgenstein.[7] Han gjekk ut frå Princeton i 1943 med ein Bachelor of Arts, summa cum laude.[4]

Militærteneste, 1943–46[endre | endre wikiteksten]

Rawls gjekk inn i hæren i februar 1943.[8] Under andre verdskrigen tente Rawls i infanteriet i Stillehavet, der han kriga på Ny-Guinea og vart tildelt Bronze Star,[9] og på Filippinane, der han gjekk gjennom intens skyttargravskrig og var vitne til traumatiserande vald og blodsutgyting.[10][11] Det var her han tapte den kristne trua si og vart ateist.[7][12][13]

Etter at Japan overgav seg vart Rawls ein del av okkupasjonsmakta under general MacArthur,[4] og vart forfremja til sersjant.[8] Men han vart desillusjonert med militæret då han såg følgjene av atombomba i Hiroshima.[14] Rawls nekta så å følgja ein ordre om å straffa ein medsoldat, ettersom han ikkje trudde straffa var rettvis, og vart degradert til meinig.[8] Han gjekk ut av militæret i januar 1946.[8]

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1946,[15] vende Rawls tilbake til Princeton for å ta ein doktorgrad i moralfilosofi. Han gifta seg med Margaret Warfield Fox, som hadde gått ut frå Brown University, i 1949. Dei fekk fire barn, Anne Warfield, Robert Lee, Alexander Emory og Elizabeth Fox.[4]

Rawls fekk graden Ph.D. frå Princeton i 1950 med avhandlinga A Study in the Grounds of Ethical Knowledge: Considered with Reference to Judgments on the Moral Worth of Character. Han underviste der til 1952, då han fekk eit Fulbright Fellowship til Christ Church ved Oxford University. Her vart han påverka av Isaiah Berlin og H.L.A. Hart.[16] Etter å ha vendt tilbake til heimlandet var han fyrst assistant og så associate professor ved Cornell University. I 1962 vart han professor i filosofi ved Cornell, og fekk snart ei fast stilling (tenure) ved MIT. Han flytta så til Harvard University, der han underviste i nær førti år. Han var lærar for ei rekkje leiande personar innan moral- og politisk filosofi, som Sibyl A. Schwarzenbach, Thomas Nagel, Allan Gibbard, Onora O'Neill, Adrian Piper, Arnold Davidson, Elizabeth S. Anderson, Christine Korsgaard, Susan Neiman, Claudia Card, Rainer Forst, Thomas Pogge, T.M. Scanlon, Barbara Herman, Joshua Cohen, Thomas E. Hill Jr., Gurcharan Das, Andreas Teuber, Henry S. Richardson, Nancy Sherman, Samuel Freeman og Paul Weithman.

Politisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Rawls var ein forsvarar av liberal egalitarisme,[17] og var inspirert av dei klassiske kontraktsteoretikarane, Hobbes, Locke og Kant.[16] Rawls moderniserte den kontraktsteoretiske argumentasjonen og delte han inn i tre delar:

  1. den opphavlege posisjonen
  2. rettferdsprinsipp
  3. reflektiv likevekt

Den opphavlege posisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste delen, den opphavlege posisjonen, var eit tankeeksperiment der ein skulle førestilla seg eit samfunn utan ein stat, der representantar frå samfunnet skulle verta samde om ein samfunnskontrakt. Rettferd stod sentralt i Rawls sitt idealsamfunn, som innebar at alle individa var like mykje verde og dimed viktig at kvart individ hadde sin rett på dei same primærgoda (politiske, økonomiske og sosiale godar), desse kunne ein nytta for å oppnå andre og fleire gode.[18] Menneske av natur var styrt av sine eigeninteresser, og hadde dimed eit ynske om å tileigna seg flest godar sjølv. Utfordringa med individa sine eigeninteresser var at ein ville skapa urettferd, då nokon ville oppnå fleire godar enn andre, og dimed ha større mogleik til positiv sosial mobilitet. For å unngå at samfunnskontrakten medførte forfordelte godar, skulle partane ha ei «slør av vankunne» (veil of ignorance) når dei laga kontrakten. I denne posisjonen var partane uvitande om eins eigen sosiale bakgrunn (status, religion, hudfarge, inntekt osv.). Den einaste informasjonen dei hadde bak uvitandesløret, var ein grunnleggjande informasjon om mennesket og samfunnet. Utan denne informasjonen, ville ein ikkje kunne vera i stand til å gjera val i det heile. Bak dette sløret av vankunne skulle ein velja dei rettferdsprinsippa som basisstrukturen – politiske, økonomiske og rettslege institusjonar – skulle forhalda seg til. Ettersom ein ikkje visste noko om seg sjølv og si framtid, meinte Rawls at ein ville velja på ein slik måte at ein ikkje sjølv ville hamna i fattigdom ved å maksimera eins utfall sjølv om ein kom dårlegast ut, ein såkalla maksimin-strategi.[19][20]

Rettferdsprinisipp[endre | endre wikiteksten]

Rawls meinte at alle individ skulle ha like mogleikar til å utvikla seg uavhengig av deira sosiale bakgrunn. I boka A Theory of Justice gav John Rawls ein teori om sosial fordeling basert på tre prinsipp: prioriteringsprinsippet, fridomsprinsippet og forskjellsprinsippet.

Prioriteringsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Rawls meinte fridomsprinsippet alltid skulle vera ein prioritet, og at dette måtte vera oppfylt før forskjellsprinsippet.[20] Likevel var det eitt unntak dersom dei dårlegast stilte i samfunnet leid så stor nød at dei ikkje kunne gjera seg notne av fridomsprinsippet.

Fridomsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Fridomsprinsippet handla om at einkvar skulle ha den same retten til det mest omfattande systemet av grunnleggjande fridomar som var i samsvar med eit tilsvarande system av fridomar slik alle andre hadde.[21] Dei grunnleggjande fridomane skulle liggja til grunn i grunnlova til staten. Alle individa hadde krav på dei same og like mange sosiale og politiske rettane (m.a. ytringsfridom, religionsfridom og røysterett) og retten til personleg eigedom og val av yrke. Fridomsprinsippet innebar òg at staten skulle tilbyda borgarane velferdsgode (t.d. retten til helsehjelp og utdanning) som var finansiert igjennom skattar.

Forskjellsprinsippet[endre | endre wikiteksten]

Forskjellsprinsippet handla om at sosiale og økonomiske forskjellar skulle oppfylla to vilkår:

  1. Sjanselikskap: stillingar og posisjonar med mykje makt og som var godt betalte var berre rettferdig dersom dei var tilgjengelege for alle, og at alle individa hadde reelt like mogleikar, uavhengig av familiær og sosial bakgrunn, til å oppnå desse stillingane.
  2. Differanseprinsippet: økonomisk og sosial ulikskap var berre rettferdig dersom det gagna dei dårlegaste stilte medlemane i samfunnet.[20][22][23]

Ifylgje Rawls var ein stat politisk legitim dersom han hadde oppfylt det fyrste prinsippet – fridomsprinsippet – men for at han skulle vera rettferdig måtte han oppfylla både fridomsprinsippet og forskjellsprinsippet. Ein rettferdig stat måtte vera ein omfattande stat som syrgde for å omfordela goda frå dei som hadde mest til dei dårlegast stilte i samfunnet.

Reflektiv likevekt[endre | endre wikiteksten]

I ei reflektiv likevekt er det samsvar mellom rettferdsprinsippa og dei moralske intuisjonane våre. Reflektiv likevekt kan, saman med rettferdsprinsippa og den opphavlege posisjonen, vera hjelpemiddel som vi kan nytta oss av for å skapa samanheng mellom våre eigne motstridande oppfatningar.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Rawls sin politiske filosofi vart mellom anna kritisert av Robert Nozick. Nozick meinte differanseprinsippet tillét urettferd, då det tillét ufriviljug kontinuerleg omfordeling av godar. Eikor fordeling av godar som var rettferdig ifylgje ein mønster-teori (kontinuerleg omfordeling) kunne alltid endrast ved friviljuge transaksjonar, til dømes gåver.[24] Vidare meinte Nozick at dei som arbeidde lite hadde mykje fritid, medan dei som arbeidde hardt og på overtid, missa fritida si og fekk ikkje nyta dei ekstra pengane dei hadde tent, ettersom dei vart skattlagde meir. Ifylgje Nozick var skattlegging av personar, for dernest å omfordela dei økonomiske ressursane til dei dårlegast stilte, ei form for tvangsarbeid, «tvinga ein annan person til å arbeida n timar for eit anna føremål».[20]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Norsk
  • Rettferd som rimelighet : en reformulering. Innleiing ved Andreas Føllesdal, omsett av Kai Swensen (Originaltittel Justice as fairness) Basert på ei førelesingsrekke ved Harvard, 1980-1989 Pax 2003 ISBN 8253024320
Engelsk
  • A Theory of Justice. Cambridge, Massachusetts: Belknap Press of Harvard University Press, 1971.
  • Political Liberalism. New York: Columbia University Press, 1993.
  • The Law of Peoples. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1999.
  • Collected Papers. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1999.
  • Lectures on the History of Moral Philosophy. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 2000.
  • Justice as Fairness. A Restatement. Cambridge, Massachusetts: Belknap Press, 2001.
  • Lectures on the History of Political Philosophy. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Peder Giæver (3. desember 2002). «Rawls tanker lever videre». Universitas. Arkivert frå originalen 15. januar 2022. 
  2. «John Rawls (1921-2002) | Issue 121 | Philosophy Now». philosophynow.org. Henta 4. november 2022. 
  3. «Obituary: John Rawls». The Guardian. 2012. Henta 21. januar 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Freeman, 2010:xix
  5. Anatory, Izidory. «The Influence of John Rawls and Robert Nozick Under Contemporary Political Philosophy». Academia. Henta 21. januar 2020. 
  6. «Daily Princetonian 12 April 1940 – Princeton Periodicals». Theprince.princeton.edu. 12. april 1940. Henta 31. januar 2013. 
  7. 7,0 7,1 Wenar, Leif (1. januar 2013). Zalta, Edward N., red. John Rawls (Winter 2013 utg.). 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Iain King (13. juni 2014), «Thinker at War: Rawls», Military History Monthly, henta 20. november 2014 
  9. "His first experience of combat was in New Guinea—a country which saw fighting for almost the whole duration of the Pacific campaign—where he won a Bronze Star." I ein artikkel av Iain King. Thinker at War: Rawls, publisert i Military History Monthly. (13. juni 2014). Henta 20. november 2014.
  10. «Thinkers at War – John Rawls». Military History Monthly (på engelsk). 13. juni 2014. Henta 6. desember 2016. 
  11. "One soldier in a dugout close to Rawls stood up and deliberately removed his helmet to take a bullet to the head, choosing to die rather than endure the constant barrage. ... Later Rawls confided the whole experience was 'particularly terrible' ..." I ein artikkel av Iain King. Thinker at War: Rawls, publisert i Military History Monthly. (13. juni 2014). Henta 20. november 2014.
  12. «John Rawls: Theorist of Modern Liberalism». The Heritage Foundation. 13. august 2014. Henta 26. februar 2017. 
  13. Ronald J. Sider; Paul Charles Kemeny; Derek H. Davis; Clarke E. Cochran; Corwin Smidt (2009). Church, State and Public Justice: Five Views. InterVarsity Press. s. 34. ISBN 978-0830874743. «Religious beliefs, argues John Rawls—a Harvard philosopher and self-identifying atheist—can be so divisive in a pluralistic culture that they subvert the stability of a society.» 
  14. "The total obliteration of physical infrastructure, and the even more horrific human toll, affected him deeply ... and the fact that the destruction had been deliberately inflicted by his own side, was profoundly unsettling. He wrote that the scenes still haunted him 50 years later." I ein artikkel av Iain King. Thinker at War: Rawls, publisert i Military History Monthly. (13. juni 2014). Henta 20. november 2014.
  15. Thinker at War: Rawls, publisert i Military History Monthly. (13. juni 2014). Henta 20. november 2014.
  16. 16,0 16,1 «John Rawls (1921—2002)» (på engelsk). Internet Encyclopedia of Philosophy. Henta 12. april 2023. 
  17. Duignan, B. (17. februar 2023). «John Rawls.» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 12. april 2023. 
  18. Wenar, Leif (2021). Zalta, Edward N., red. «John Rawls». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  19. «ethics - Objections to consequentialism | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 19. november 2022 
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Premchand, L., (2017) “Social Justice and Rawls’ Difference Principle”, Essex Student Journal 9(1). doi: https://doi.org/10.5526/esj17
  21. Aanesen, K.H. «Kva er ei rettferdig fordeling?» (på nynorsk). NDLA. Henta 30. november 2022. 
  22. «Fair Equality of Opportunity | Equality of Opportunity and Education», edeq.stanford.edu (på engelsk), henta 30. november 2022 
  23. «Constitutional Rights Foundation», www.crf-usa.org, henta 19. november 2022 
  24. Rachael Patterson (2005). The Minimal State v the Welfare State: A Critique of the Argument between Nozick and Rawls (PDF). Southern Cross University Law Review. s. 167–182. ISSN 1329-3737. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: John Rawls