Lighthouse X

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lighthouse X

Aktiv2012–2016
Sjangerpop

Lighthouse X (uttalt Lighthouse Ten[1]) var eit dansk popband frå 2012 til 2016 som bestod av Søren Bregendal (fødd 6. september 1983), Johannes Nymark (fødd 21. januar 1986) og Martin Skriver (fødd 30. november 1986). Bandet representerte Danmark i Eurovision Song Contest 2016 og blei oppløyst sommaren same år.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lighthouse X på scena under Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.

Lighthouse X blei etablert i 2012 med mål om å hjelpe menneske som har støytt på vanskar i livet. Bandmedlemmane var ambassadørar for tre ulike ideelle organisasjonar, som også mottok ein slump av inntektene til gruppa.[2]

13. oktober 2014 gav Lighthouse X ut debutsingelen sin, «Kærligheden kalder», som nådde ein 37. plass på den danske singellista.[3][4] Etter den andre singelen til gruppa, «Hjerteløst», slapp Lighthouse X ein sjølvtitulert EP 16. februar 2015. I april same år gav ho ut singelen «Nattens gløder».

Lighthouse X blei for alvor landskjent i Danmark då ho vann Dansk Melodi Grand Prix i 2016 med songen «Soldiers of Love».[5] Gruppa representerte Danmark i Eurovision Song Contest i Stockholm same året, men enda nest sist i sin semifinale.[6] Dette var andre år på rad at Danmark ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Bandet blei oppløyst i august 2016, og medlemmane gjekk kvar til sitt.[5][7] Johannes Nymark var blant anna programleiar for Dansk Melodi Grand Prix i 2017 og 2018.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
Lighthouse X
  • Gjeven ut: 16. februar 2015
  • Selskap: North-East Production
  • Format: Digital nedlasting

Singelar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
listeplass
Frå albumet
DAN
[4]
«Kærligheden kalder» 2014 37 Lighthouse X
«Hjerteløst» 2015
«Nattens gløder»
«It's a Brand New Day» Ikkje frå album
«Home»
«Soldiers of Love» 2016 12
«—» markerer at songen ikkje nådde lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lighthouse X: "We're gonna make the Eurovision stage explode!" | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 17. mars 2016. Henta 16. juli 2018. 
  2. «Denmark's Lighthouse X hit the rocks». eurovision.tv. EBU. 16. august 2016. Henta 16. juli 2018. 
  3. «‎Kærligheden Kalder - Single by Lighthouse X» (på engelsk). 13. oktober 2014. Henta 16. juli 2018. 
  4. 4,0 4,1 Hung, Steffen. «danishcharts.com - Discography Lighthouse X». danishcharts.dk. Henta 16. juli 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Lighthouse X vinder Melodi Grand Prix». Politiken (på dansk). Henta 16. juli 2018. 
  6. «Stockholm 2016 - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 16. juli 2018. Henta 16. juli 2018. 
  7. «No longer soldiers of love: Lighthouse X call it quits». wiwibloggs (på engelsk). 15. august 2016. Henta 16. juli 2018. 
  8. «Johannes Nymark: Jeg glæder mig til Melodi Grand Prix | BILLED-BLADET». BILLED-BLADET (på dansk). Henta 16. juli 2018.