Lille Kufjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lille Kufjorden (samisk Unna Vuođđovuonaš) er ein fjord på sørsida av øya Seiland i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2 km nordover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Junkerhamnklubben i vest og Klubben i aust. Junkerhamn er ein liten våg og ein gard like ved Junkerhamnklubben. Utover denne er det ingen busetnader ved fjorden. Fjorden er 81 meter på det djupaste, like ved Klubben.