Limmat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Limmat
elv
none  Limmat i Zürich
Limmat i Zürich
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Zürich, Aargau
Kjelde Zürichsjøen
Munning Aare
Lengd 35 km
Nedslagsfelt 2 416 km²
Karte Limmat.png
Wikimedia Commons: Limmat

Limmat er ei elv i Sveits. Ho er eit framhald av elva Linth og skiftar namn til Limmat ved avløpet til Zürichsjøen i byen Zürich. Frå Zürich renn ho nordvestover, og etter 35 km munnar ut i Aare. Samløpet ligg nord for småbyen Brugg og like etter munningen til Reuss.

Aare (til venstre) og Limmat

Dei største byane langs Limmatdalen nedanfor Zürich er Dietikon, Wettingen og Baden. Dei største sideelvane hennar er Sihl (i Zürich) og Reppisch (i Dietikon).

Som mange sveitsiske elvar vert ho nytta mykje til vasskraft og langs den 35 km lange leia er det ikkje mindre enn ti vasskraftverk.

Namnet Limmat kjem frå ein kombinasjon av namna til elvane Linth og Maag, dei største elvane som renn ut i Zürichsjøen før Linthkanalen vart bygd.

Byar nær elva[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°30′N 8°15′E