Lindholm Høje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jarnaldergravfeltet Lindholm Høje.
Ein annan lut av gravfeltet.

Lindholm Høje er eit gravfelt frå jarnalderen og vikingtida i Nørresundby på nordsida av Limfjorden i Danmark. Gravfeltet ligg på ein bakke, 42 meter over havet, rett ved staden der Limfjorden er på det smalaste, slik at det truleg har vore vanleg i uminnelege tider å krysse sundet her for dei som skulle fare mellom landskapet Vendsyssel nord for fjorden og resten av Jylland sør for fjorden.

Heile gravfeltet vart arkeologisk utgrave og granska frå 1952 til 1958 og freda som fornminne i 1960. Det vart funne fleire enn 700 graver som vart tidfesta frå om lag år 500 til om lag år 1000, dei fleste av dei var branngraver, det vil seie at den døde hadde vorte brend på bål før jordfestinga.Det vart registrert fleire hundre steinsettingar, altså stein som var plassert i system for å markere graver, og dessutan grave ut restane etter ein byliknande konsentrasjon av hus. Då alt hadde vorte liggjande under eit lag av sand som hadde blese inn over området allereie i slutten av vikingtida, hadde restane vore godt teke vare på gjennom hundreåra.

Ein ihuga amatørarkeolog på slutten av 1800-talet, Augusta Zangenberg, vert rekna som den fyrste som såg på området som eit viktig fortidsminne. Ho skulle kjøpe området i 1986 for 200 kroner, men før handelen var gått i orden, hadde det vore gjort utgravingar på staden og funne så mange graver at eigaren tidobla prisen, og handelen vart om inkje. Men i 1898 kjøpte plantasjeeigar Lassen området etter å ha reist attende til Danmark frå Brasil, og planta det til, før han i 1901 gav det bort til dåverande Nørresundby Kommune.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lindholm Høje