Gravfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alemannisk gravfelt, såkalla rekkegravfelt, frå fem- og sekshundretalet etter Kr.f. ved Sasbach am Rhein i Tyskland. Arkeologane har fjerna molda på arealet for at fargeskilnadene i undergrunnen skal kome fram og mellom anna få dei einskilde gravene til å markere seg i flata, ettersom den attfylte jorda i kvar grav har ein annan farge enn grunnen ikring. På denne måten har arkeologane skaffa seg eit oversyn før utgravinga av gravene. Konturar er rissa kraftig opp for å gjere det tydeleg på fotografiet korleis heile gravfeltet var strukturert.

Gravfelt er den nøytrale (det vil seie den ikkje-religiøse) nemninga på eit areal der det ligg ei større eller mindre samling av graver for døde menneskje. Nemninga er som oftast nytta om samlingar av graver frå førhistorisk tid der dei døde har vorte jordfesta på seremonielt vis, og er eit viktig arkeologisk omgrep. Men i kontinentaleuropeisk arkeologi og anna kulturvitskap kan det tilsvarande ordet for 'gravfelt' på vedkomande språk òg verte nytta i vidare meining som eit generelt nøytralt alternativ til dei nemningane som i vanleg språkbruk syner til kristne gravplassar.

Ettersom gravene frå førhistorisk tid ofte inneheld gjenstandar, spor eller leivningar etter offerdyr og anna, i tillegg til spora eller leivningane etter dei døde, og det dessutan kan vere spor etter rituelle konstruksjonar på areala, står gravene og gravfelta sentralt i den arkeologiske forskinga. Storparten av det arkeologiske materialet skriv seg frå graver og gravfelt, og mykje av kunnskapen om både livet, trua, samfunnsoppbygginga og samfunnsutviklinga i gamal tid baserer seg på det ein kan lese ut av innhaldet i gravene og utforminga av graver og gravfelt.

På eit gravfelt kan det vere både gravhaugar, gravrøyser og slike graver som ikkje er markerte på markoverflata på tydeleg og varig vis, såkalla flatmarksgraver. Dei døde kan ha vorte brente før jordfestinga (branngraver) eller jordfesta ubrente (skjelettgraver), og arealet kan ha vore nytta for jordfestingar i stutt eller lang tid.

Store og vidgjetne norske gravfelt frå førhistorisk tid finn ein på Gunnarstorp i Skjeberg i Sarpsborg kommune i Østfold og på Borre i Horten kommune i Vestfold.