Linn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Linn (fleirtyding)
Linn Skåber.
Foto: Jarle Vines

Linn er eit vanleg nordisk kvinnenamn med ei rekkje moglege opphav. Det har namnedag den 13. mai i Noreg og Sverige og den 15. april i Finland. Linn kan også vera eit tysk slektsnamn og stadnamn.

Linn kan vera ei kortform av namn som byrjar eller sluttar på denne stavinga, som Linda, Linnea, Malin eller ein variant av Lina. Det kan visa til treslaget lind frå norrønt lind eller gammalhøgtysk linta, ord som opphavleg tyder 'mild'. Namnet kan òg vera ei fornorsking av det engelske Lynn(e), som har keltisk opphav.

Namnet var mykje brukt for norske jenter fødde på 1980- og 1990-talet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]