Liv og Livtrase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv og Livtrase, teikna av Lorenz Frølich

Liv og Livtrase (norrønt Líf og Lífþrasir) er namnet på dei to menneska som skal overleva Ragnarok i norrøn gudetru. Liv er namnet på kona i dette paret, medan Livtrase er mannen hennar. Namnet «Liv» betyr 'liv',[1] mens Livtrase betyr 'den som kjemper for livet'.[2]

Etter det store gudeslaget søker dei to ly i Hoddmimeholtet, der det einaste dei har å leva på er morgondoggen. Dei overlever både eldstormen som herjar verda, og den lange, kalde Fimbulvinteren. Frå dei skal menneskeslekta i den nye verda koma.[3]

I den norrøne litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Liv og Livtrase er nemnde i Vavtrudnesmål, der guden Odin stiller eit spørsmål til jotunen Vafþrúðnir om kven frå menneskja som vil overleva Fimbulvinteren. Vafþrúðnir svarer at dette vil vera Liv og Livtrase, at dei vil ha gøymd seg i Hoddmimeholtet, at dei vil ha morgondogg som mat, og gje opphav til nye generasjonar.[4]

I kapittel 53 av Den yngre Edda, Gylfaginning, fortel Høg, Jamhøg og Tredje til Gangleri (kong Gylfi i forkleding) at to menneske, people, Liv og Livtrase, vil vera gøymde i Hoddmimeholtet for Surt-elden, og så gje opphav til mange folk som kan folkesetja verda. Deretter blir verset frå Vavtrudnesmål sitert.[5]

Vavtrudne kvad:
Liv og Livtrase
løynde held seg
i Hoddmimes holt;
av morgondoggi
sin mette dei fær,
frå dei skal ætter alast.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Líf, nordicnames.de
  2. Lífþrasir, nordicnames.de
  3. Hansen og Møller (1999:156)
  4. Larrington (1999:47).
  5. Faulkes (1995:57).
  6. Vavtrudnesmål frå Den eldre Edda (Norrøne bokverk 21) til nynorsk av Ivar Mortensson-Egnund, Det norske Samlaget (1974), vers 45 (s 38)
Bibliografi