Llyn Parc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Parc
Llyn Parc - Utsyn nordover. Vassnivået er lågare enn vanleg.
Utsyn nordover. Vassnivået er lågare enn vanleg.
Stad Gwydir Forest i Nord-Wales
Koordinatar 53°6′46″N 3°48′22″WKoordinatar: 53°6′46″N 3°48′22″W
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Overflateareal 9 hektar
Høgd over havet 202 moh

Llyn Park er ein innsjø i Gwydir Forest i Nord-Wales. Han ligg 200 meter over havet og har ei flate på 9 hektar. Vatnet er langt og smalt.

Han er ein naturleg innsjø, men det vart bygd ei demning i sørenden som heva vassnivået for å gje vatn til maskineri i den nærliggande bly- og sinkgruva Aberllyn, som i 1900 hadde 200 mann tilsette. Elva som renn frå innsjøen, renn i dag forbi ruinane av møllene før ho munnar ut i River Conwy.

Llyn Parc, mot sør.

Vest for innsjøen står restane av ein høg mur, bygd av franske krigsfangar frå napoleonskrigane for å halde hjorten inne i Gwydir High Park.

I 1938 vart området råka av ein stor skogbrann. Ein håpte at Llyn Parc skulle fungere som ei naturleg branngate, men brannen var så kraftig at han kryssa innsjøen.

Det høge blynivået i vatnet gjer at det ikkje er fisk her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]