Loch Tummel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Tummel
Loch Tummel - 'Queen's View'
'Queen's View'
Stad Perth and Kinross i Skottland
Koordinatar 56°42′40″N 3°55′40″WKoordinatar: 56°42′40″N 3°55′40″W
Tilknytte land Storbritannia
Største lengde 11 km
Største breidde < 1 km

Loch Tummel (skotsk-gælisk Loch Teimhil) er ein lang, smal innsjø, 7 km nordvest for Pitlochry i Perth and Kinross i Skottland [1].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen er om lag 11 km lang frå aust til vest og litt under 1 km brei. Han vart ein del av Tummel vasskraftsystem då Clunie Dam vart bygd av Wimpey Construction i austenden i 1950. Dette heva vassnivået med 4,5 meter. Det går vegar langs innsjøen på både nord- og sørsida, og frå her er det fleire stader flott utsyn over naturen omkring innsjøen. Her finn ein mellom anna 'Queen's View' på nordsida, der dronning Victoria skal ha stått og sett på naturen i 1866. Frå her kan ein sjå Schiehallion i bakgrunnen.

Like ved starten på innsjøen kryssar Tummel Bridge elva River Tummel. Dette er to bruer, og den første vart bygd av General Wade i 1730, medan ei moderne bru har erstatta denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Loch Tummel på Scotland247

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Loch Tummel