Lohamey HaGeta'ot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lohamei HaGeta'ot
לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת
kibbutz
Namneopphav: Ghettokjemparane
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°57′45.71″N 35°5′44.52″E / 32.9626972°N 35.0957000°E / 32.9626972; 35.0957000
Folketal 710 (2019)[1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Overlevande kjemparar frå ghettoopprøret i Warszawa, tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande.
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Lohamey HaGeta'ot
32°57′47″N 35°05′51″E / 32.963055555556°N 35.0975°E / 32.963055555556; 35.0975
Wikimedia Commons: Lohamei HaGeta'ot

Lohamei HaGeta'ot (לוֹחֲמֵי הַגֵּיטָאוֹת, tyder Ghettokjemparane) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 467.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 langs kysthovudvegen mellom Akko og Nahariya, der den tidlegare arabiske landsbyen Al-Sumayriyya låg.[2] Nybyggjarane var mellom anna overlevande frå ghettooppreisten i Warszawa (mellom anna Icchak Cukierman, nestleiar i ŻOB), og tidlegare jødiske partisanar og andre Holocaust-overlevande. Han er namngjeven til minne om jødane som kjempa mot nazistane.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Like ved kibbutzen ligg det store ruinar etter ein akvedukt som gav vatn til Akko, kring 6 km unna, fram til 1948. Akvedukten vart opphavleg bygd mot slutten av 1700-talet av Jezzar Pasha, den osmanske herskaren av Akko, men vart ferdigbygd av sonen hans, Suleiman, i 1814.[3]

Akvedukt frå osmansk tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]