Holocaust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue til minne om barn som vart drepne i Holocaust. Utført av Janus Korczak og stilt ut i Yad Vashem i Israel
Utsvoltne fangar som døydde under ein tvungen marsj frå Dachau.

Holocaust er eit gresk ord som betyr brennoffer, og ordet blir sidan 1960-talet bruka som namn på det folkemordet dei tyske nazistane gjorde mot europeiske jødar under andre verdskrigen. Det samtidige nazistiske folkemordet på sigøynarane (roma, romani) og dei medvitne drapa av ein vesentleg del av den slaviske folkesetnaden i det okkuperte Polen og dei okkuperte områda av Sovjetunionen, blir av og til medrekna i omgrepet Holocaust. Alt dette heng i alle høve saman med den gjennomførte rasismen til nazistane.

På hebraisk blir ordet Shoah bruka om nazistane sitt forsøk på totalutrydding av dei europeiske jødane. Det tyder Katastrofen.

Om lag 6 millionar av dei rundt rekna 11 millionane jødar i Europa blei drepne i løpet av dei ca. fire åra sjølve folkemordsprogrammet mot jødane blei sett i verk. I somme land blei over 90 % av jødane utrydda, såleis m.a. i Polen, Latvia og Litauen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det begynte for alvor etter Hitler-Tyskland sitt åtak på Sovjetunionen i 1941, og varte til utryddingsleirane med dei berykta gasskamra og krematoria blei frigjorde av Den raude arméen vinteren og våren 1945. Den mest kjende av desse er Auschwitz i Polen. Dagen da dei få attverande fangane i Auschwitz blei frigjorde av sovjetiske soldatar, 27. januar, blir sidan markert som den internasjonale Holocaustdagen. Men i nazi-okkuperte delar av Sovjetunionen skjedde mykje av Holocaust gjennom masse-skytingar av jødar (og kommunistar), gjennomførte av dei såkalla Einsatzgruppen og med lokale fascistar som hjelparar. Dette ikkje minst i Baltikum og Ukraina.

Frigjering[endre | endre wikiteksten]

Dersom Sovjetunionen hadde tapt krigen i aust, ville dei fleste av dei attverande europeiske jødane heilt sikkert også blitt drepne. Dei fleste attverande jødane var på sovjetisk område, der dei var aktivt med i krigen mot nazistane, i Den raude arméen og i sovjetiske partisanavdelingar. At alle jødar gjekk passivt og utan motstand i døden er ikkje rett, noko mellom anna oppreisten i Warszawaghettoen i 1943 viste. I skogane utanfor Vilna/Vilnius dreiv jødiske ungdommar som hadde komme seg unna ved utslettinga av Vilna-ghettoen motstandkampen vidare. Dei hadde skipa motstandsgruppa Fareinikte Partizaner Organizatsie, og saman med sovjetiske styrkar var dei med og jaga nazistane ut av Vilna hausten 1944. Ein av dei jødiske partisanane frå Vilna var den unge jiddisch-diktaren Hirsch Glik, som skreiv den mest berømte av jødiske partisansongar, Partizanerlid eller «Zóg nit kein mól az du geist dem letstn vég» ('Sei du aldri at du går den siste veg'). Glik sjølv fall i 1943 eller 1944, men songen hans spreidde seg blant jødane, jamvel inn i leirane seiest det, og lever enno.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Holocaust