Longford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Longford
Plassering
Longford is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Longford
Geografi
Flatevidd
 - By

1 091 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

7 227
  6,6/km²
31 608
Koordinatar 53°43′37″N 7°47′59″WKoordinatar: 53°43′37″N 7°47′59″W
Høgd over havet 72 m
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.longfordcoco.ie

Longford (irsk An Longfort) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Longford og ligg sentralt på Irland. Byen har om lag 8 000 innbyggjarar, men med landsbygda rundt kjem folketalet opp i over 30 000.

Det opphavlege namnet var Longphort Uí Fhearghail (O'Farrell sin festning) og byen voks opp rundt slottet til O'Farrell-klanen, som var høvdingslekta i eit område kalla Anghaile. Slekta fekk grunnlagd eit dominikanarkloster i byen i 1400.

Dei viktigaste næringsvegane er produksjon av matvarer, stål og medisinsk utstyr. Byen er òg eit handelssenter for området.

Ardagh og Clonmacnoise bispedøme si domkyrkje ligg i Longford.

Byen ligg ved hovudvegen N5 mellom Dublin og Westport. N5 tar av frå N4 mellom Dublin og Sligo ved Longford. Medan N4 er lagt utanom byen, går N5 rett gjennom, noko som til tider fører til store trafikkproblem i sentrum.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]