Sligo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sligo
Nordlege delar av Sligo
Nordlege delar av Sligo
Plassering
Sligo is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Connacht
County Sligo
Geografi
Flatevidd
 - By

km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
 - Storbyområde

17 892
41 988
Koordinatar 54°16′0″N 8°29′0″WKoordinatar: 54°16′0″N 8°29′0″W
Høgd over havet 13 m
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.sligoborough.ie

Sligo (irsk Sligeach) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Sligo og ligg vest på Irland.

I byen ligg Sligo sitt tekniske institutt.

Byen er omgjeve av to fjellkjeder, Dartryfjella på nordsida og Oxfjella mot sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det irske namnet til Sligo er Sligeach, som tyder «skjelstaden» og kjem av dei store mengdene skjel i elva og utløpet hennar, og for fleire skjeldynger som er funne omkring byen etter matlaging helt tilbake til steinalderen. Brev til kartstyresmaktene frå 1836 skildrar at kjerrelaster av skjel er funne under bakken mange stader i byen som no er busett. Ved oppsetting av grunnmurar vart det stadig grave opp store mengder skjel. Heile distriktet med kysten, elveutløpet og elva var rik på sjømat som vart utnyttet så tidleg som i steinalderen.

Den første rundkjøyringa i byen vart bygd rundt eit gravkammer som var hogge ut av ei stor steinblokk.

I mellomalderen var Sligo eit viktig knutepunkt både handelsmessig og strategisk.

Dominikanarklosteret er den einaste mellomalderbygningen i byen som framleis står. Klosteret vart grunnlagd i 1253 av Maurice Fitzgerald som var «Lord Chief Justice of Ireland». Det vart øydelagt av brann i 1414 men gjenreist til slik det står i dag.

Under den store hungersnøden i Irland og i tidsrommet 1847 til 1851 emigrerte 30 000 irar frå hamna i Sligo. I hamna med utsikt over elva Garavogue er det reist ein statue som eitt av tre minnesmerker om desse emigrantane. Ein plakett med eit «brev til Amerika» fortel om ein familie sin triste skjebne:

No er eg diverre aleine i verda. Alle brørne og systrene mine, og alle borna mine, bortsett frå deg, er døde. Vi er alle kasta ut frå eigedomen til landeigaren herr Enright. Det er så dårlege tider og heile Irland er i slik fattigdom at ingen kan betale jordleiga. Mitt einaste håp no er deg, no som eg har brukt min siste shilling. No må eg anten tigge eller gå på fattighuset. Helsing frå din kjære far, Owen Larkin.
Klokketårnet til den katolske domkyrkja i Sligo

Det er sagt at den idylliske øya Coney Island i Sligobukta har gjeve namn til Coney Island i New York. Coinín på irsk tyder 'hare'. Cuniculuslatin tyder hare eller passasje under bakken. Det er sagt at kaptein Peter O'Connor på skonnerten «Arethusa», som tok fleire turar mellom Sligo og New York for 200 år sidan, kalla øya i New York opp etter øya som ligg nokre kilometer frå heimen hans i Sligo.

Diktaren W. B. Yeats, som er ein av dei viktigaste forfattarane i Irland, og er nobelprisvinner, har nær tilknytting til Sligo. Han voks opp i Sligo, døydde i 1939 og er gravlagd på Drumcliffe kyrkjegard i Sligo. Fleire av verka hans har handling henta fra omegnen rundt byen Sligo.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Sligo har eit moderne vegnett med fleire strekningar med fire- og tofelts motorveg. Riksvegen N4 til Dublin har god standard. Det er bygd motorveg gjennom byen og oppretta fleire gågater i sentrumsområdet for å betre funksjonen av bysentrumet.

Jernbanesambandet til Dublin vart opna i 1862. Nordover gjennom Enniskillen kom jernbanen i 1881. Sørover til Limerick og sørlege delar av Irland opna ei linje i 1895. No er det Intercity-togrute til Dublin, men fleire av dei andre strekningane er ante nedlagd eller ubrukt. Det er eit prosjekt i gang for å betre jernbanenettet, spesielt langs vestkysten. I Irland er det det offentlege jernbaneselskapet CIE som driv jernbanenettet.

Sligo lufthamn ved landsbyen Strandhill tener byen og grevskapet Sligo, og har flyruter til Dublin og Manchester.

Hamna i Sligo tar imot relativt små lasteskip opp til 2000 tonn.

Byutvikling[endre | endre wikiteksten]

I mange år har Sligo og mange byar i Irland hatt svært lite nybygging og byutvikling. Dei siste åra har dette endra seg mykje. Det har vorte nye hotell, bustadblokker, kjøpesenter og bustadfelt. Fleire stader i byen er det bygd gangbruer over elva Garavogue og oppretta gågater.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sligo

Kjelde[endre | endre wikiteksten]