Loppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loppa
Lokalt namn: Láhppi
Geografi
Norway - Loppa.png
Stad Lopphavet
Koordinatar 70°21′08″N 21°25′34″EKoordinatar: 70°21′08″N 21°25′34″E
Areal 12 km²
Høgaste punkt Rektind (289 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark

Loppa (samisk: Láhppi) er ei øy i Loppa kommune i Finnmark. Øya ligg i vest i kommunen, ved Lopphavet, vest for øya Silda. Loppa har eit areal på 12 km², og det høgaste punktet på øya er Rektind på 289 moh.

Øya Loppa var tidlegare senter i kommunen og eit viktig fiskevær. Sør på øya ligg Loppa kyrkje frå 1953. I dag er det berre nokre få fastbuande att på øya.

På øya finst eit sjøfuglreservat som vart oppretta i 1983.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.