Lovoziorskije Tundry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Первый цирк Раслака.jpg

Lovoziorskije Tundry (russisk Ловозёрские тундры, kalla opp etter innsjøen Lovozero som ligg i området og tyder «Lovozerotundraen») er ei fjellkjede midt på Kolahalvøya i Russland mellom Lovozero og Umbozero. Ho består av ein hestskoforma rygg rundt Sejdozero. Fjellsidene er stort sett dekka av gran og furu. Det høgaste punktet er Angvundastsjorr (1120 moh). Området rundt innejøen er busett av samar og mange stadnamn er ikkje av russisk opphav.

Innhaldsliste

Geologi [endre]

Lovoziorskije Tundry ligg over eit kompleks av agpaitiske til hyperagpaitiske bergartar som inneheld mineral som eudialytt, loparitt og natrosilitt. Det er funne minst 340 forskjellige mineral i massivet og 73 av dei vart første gong oppdaga her.

Turisme [endre]

Området er relativt lett tilgjengeleg med jernbane. Om vinteren er det mogeleg å nå området frå Khibiny via isen på Umbozero. Om sommaren kan ein nytte fjellvegar og stiar i området.

Kjelder [endre]

Khomyakov, A. P. : Mineralogy of Hyperagpaitic Alkaline Rocks Clarendon Press 1995

Bakgrunnsstoff [endre]