Lovozero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lovozero
Lovozero -
Stad Kolahalvøya i Murmansk oblast
Koordinatar 67°54′N 35°12′EKoordinatar: 67°54′N 35°12′E
Type innsjø Naturleg innsjø, vassreservoar
Tilknytte land Russland
Overflateareal 200 km²
Middeldjupne 5,7 m
Hydraulisk opphaldstid 10 månader

Lovozero (kildinsamisk Луяввьр, skoltesamisk Luujäuˊrr, russisk Ловозеро, nordsamisk Lujávri, finsk Luujärvi) er ein innsjø på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Vatnet i innsjøen renn ut i Barentshavet via Voronja. Han har eit areal på 200 km², er 5,7 meter djup i snitt og opp mot 35 meter på det djupaste. Den hydrauliske opphaldstida er 10 månader. Innsjøen har ein svingande kyst og mange halvøyar og øyar. Området rundt innsjøen, som Lovozerskije-tundraen vert ofte kalla Ловозёрье på russisk (Lovoziorje).

I 1970 vart det bygd to vasskraftverk langs Voronja i Serebrjansk, om lag 100 km nedanfor innsjøen. Demninga ved kraftverket danna eit reservoar med vassflate på same nivå som Lovozero, noko som auka storleiken av Lovozero kraftig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]