Ludvig, dauphin av Frankrike (1661–1711)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludvig le Grand Dauphin, av ukjent kunstnar

Ludvig (1. november 166114. april 1711), med tittelen le Grand Dauphin, var son av Ludvig XIV av Frankrike og tronfølgjaren hans.

Ludvig vart gift med Victoria av Bayern 7. mars 1680. Dei fekk sønene Ludvig, hertug av Burgund (le Petit Dauphin), Philippe de France (den framtidige Filip V av Spania) og Karl, hertug av Berry.

Då Victoria døydde i 1690, gifta han seg med Marie Émilie de Joly de Choin. Det var eit morganatisk ekteskap. Dei hadde ingen born.

Ludvig fekk koppar og døydde før faren sin, og sonen hans Ludvig vart då tronfølgjar. Han døydde òg kort tid etter, og arva gjekk då til sonen hans igjen, som vart Ludvig XV av Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]