Luka Karabatić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luka Karabatić


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. april 1988 (36 år)
Strasbourg
Idrett handball, tennis
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2016 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Luka Karabatić (fødd 19. april 1988) er ein fransk handballspelar, linjespelar i Paris Saint-Germain. Han er europameister, to gongar verdsmeister og vart i 2021 olympisk meister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Nikola Karabatić er hans eldre bror.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Luka Karabatić debuterte på det franske landslaget 8. juni 2011. Han var med i mannskapa som triumferte i EM 2014, VM 2015, VM 2017 og i Sommar-OL i 2021. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro tapte han og laget hans finalen mot Danmark. Åra 2018 og 2019 var han med på å vinne bronsefinalen i høvesvis europameisterskapen og verdsmeisterskapen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 2007 til 2012 spelte Karabatić for Montpellier, ein klubb som alle desse sesongane gjekk til topps i den nasjonale seriemeisterskapen. Hausten 2012 vart han tiltala for kampfiksing og i 2017 dømt i saka. Montpellier avslutta i november 2012 kontrakten med Karabatić. I staden spelte han for Pays d'Aix fram til sommaren 2015. Sidan den tid har han vore PSG-spelar. Med Paris Saint-Germain sanka han åtte seriemeisterpokalar og tre triumfar i den franske cupmeisterskapen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2015, 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2014 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 2008, 2009, 2010, 2011, 2012 for Montpellier HB og 2016, 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022, 2023 for PSG
  • Fransk cupmeister: 2008, 2009, 2010, 2012 for Montpellier HB og 2019, 2021, 2022 for PSG
  • Finalist i EHF-meisterligaen: 2017 med PSG

Kjelder[endre | endre wikiteksten]