Luktesans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vêrande piggsvin.

Lukt eller luktesans er ein kjemisk sans som blir bukt til å merke og kjenne att luktstoff. Luktesansen har stor betyding for mange dyr, inkludert mennesket, men nokre artar er meir avhengig av lukteapparatet (nasen) enn andre. Luktesansen er ein av fem sansar i sanseapparatet. Sansecellene til lukte- og smakssansane ligg øvst i naseholet.

Luktecellene sit inni nasen. Når vi pustar inn luft følgjer duftmolekyl frå lufta med. Desse treff luktestavar som er spesialiserte nerveceller inne i nasen. Ved hjelp av nervetrådar er luktestavane direkte kopla til luktsenteret i hjernen. Det perifere nervesystemet er sensoriske reseptorar for syn, høyrsle, lukt og berøring, og er delt i det autonome nervesystemet og det somatiske nervesystemet.

'Lukt' (1637) av Jan Miense Molenaar.

Hjernen bruker erfaringa si for å bestemme kva for ei luft det er nasen luktar. Ein får over 10 000 lukteinntrykk i løpet av eit døgn, og luktesansen speler ei viktig rolle for smakssansen. Luktesansen brukast til å finne mat, artsfrendar, seksualpartnarar og predatorar. Luktesansen har stor innverknad på humøret. Folk blir tiltrekt av bestemte dufter, men fråstøytt av andre. Luktesansen dannar utgangspunktet for ein av verdas største industriar, produksjon av ulike typar parfyme.

Mange pattedyr markerar reviret sitt med å leggje igjen si eiga duft på plantar der. Dufta kan enten kome frå dyrets urin eller frå spesielle duftkjertlar. Dei utsonderer også ei bestemt duft når dei er klare til å pare seg. Dei fleste pattedyr har ei betre utvikla luktesans enn mennesket. Fuglar er ikkje kjend for å ha god luktesans, men forsking viser at fuglar har betre luktesans enn mennesket. Lukt er kanskje den viktigaste av hunden sine sansar. Hundar kan oppfatte og kjenne igjen svært mange dufter vi ikkje har mogelegheit for å kjenne. Enkelte hunderasar er difor veleigna som narkotikahundar og bombehundar.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Luktesans

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.forskning.no/artikler/2008/juli/188911