Hund
| Hund | ||
|
Status i verda: Husdyr |
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Carnivora | |
| Familie: | Canidae | |
| Slekt: | Canis | |
| Art: | Canis lupus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Capins lupus familiaris | ||
| Hund | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Norrønt | Hundr |
| Svensk | Hund |
| Dansk | Hund |
| Engelsk | Dog |
| Tysk | Hund |
| Fransk | Chien |
| Spansk | Perro |
| Russisk | Sobaka (Собака) |
Hundar (Canis lupus familiaris) er tamme etterkomarar av ulv som har levd saman med menneska i minst 14 000, kanskje 15 000 år. Hundane har utvikla seg til mange ulike storleikar, fargar og former tilpassa eit utal arbeidsoppgåver. Dei er sosiale dyr som kan trenast på ulike vis, mellom anna til å jakta (jakthund), vakta på eigedom eller snusa seg fram til ulovleg narkotika (brukshund/tenestehund), men dei gjer òg ein fin innsats utan trening som turkamerat og skjødehund/familiehund. På grunn av dei sterke banda han viser til eigaren sin, og alt det han kan utføra, blir hunden gjerne kalla menneskets beste venn.
Innhaldsliste |
Ordsoge [endre]
Hund har fleire kallenamn som «kjøter» og «bikje». Hohunden heiter «tispe», medan bornet heiter «kvalp».
Historie [endre]
Dei eldste arkeologiske hundefunna er gjorte i Midtausten, og lenge trudde ein det var der hunden først blei temd. Ny genetisk forsking har derimot vist at dei første ulvane blei husdyr i Aust-Asia. Det blei snart tydeleg kva for ein nyttig ny venn menneska hadde fått seg, og hunden spreidde seg raskt over resten av verda saman med migrerande menneske. Han blei det einaste husdyret som gjorde dette før koloniseringa tok til på 1400-talet.
Religion og folketru [endre]
Det er fleire innslag av hundar i gamle religionar, mellom andre Kerberos (gresk mytologi) og Garm (norrøn mytologi).
Sjå og [endre]