Revir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To sjøroser slost om revir.

Eit revir eller territorium er eit geografisk avgrensa område som eit eller fleire dyr forsvarar mot andre individ av same art, frå tid til annan òg mot andre artar. Dyr som viser slik åtferd vert kalla territoriale. Både pattedyr, fugler, insekter og andre dyr kan være territoriale.[1]

Ein jo forsvarar reviret sitt mot menneske på Fair Isle.

Revir er ofte knytt til avgrensa ressursar som finst innanfor eit visst område.[1] Det er få dyr som er territoriale i klassisk forstand, det vil seie at reviret deira inneheldt ein reirplass og nok ressursar til at individet (ofte òg avkommet til individet) kan leva av dei. Dei mest openberre døma på denne typen territorium finst hjå fuglar og fisk; særleg hjå artar med sterke fargeteikningar, som til dømes raudstrupe og siamesisk kampfisk.

To hann-paradisfisk kjempar om revir i eit lite akvarium.

Om eit hanndyr held eit revir, kan hannen ofte tola hoer og ungdyr der. Om eit par held reviret saman kan dei forsvara det mot alle artsfrender.[1]

Forsvaret av desse territoria tek sjeldan form av direkte kamphandlingar; som regel vert «eigarskapstilhøvet» markert gjennom ulike teikn som luktavsetjingar, grave- og skrapmerke, song, rop eller anna.[1] Døme på ynlege markeringar er til dømes det raude brystet til raudstrupa, høyrbare kan vera fuglesong eller skrika til brølapen, luktande kan dannast gjennom utskiljing av luktsekret) markeringar. Mange territoriale pattedyr merker grensene til områda sine med luktande sekret som dei som regel skil ut gjennom urin eller spesielle kjertlar på kroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{{refstart|liste= [1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Territorium: zoologi|» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. januar 2015.