Lungevene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjarte sett frå baksida, venstre framkammer er opna. A: Høgre lungevener (dei venstre sit fast på «lokket» som er opna). C: Mitralklaffen, ned til venstre hjartekammer.

Lungevenene fører oksygenrikt blod frå lungene til hjartet. Etter fostertida er dei dei einaste venene som inneheld oksygenrikt blod. Det er normalt fire stykker som munnar inn i venstre framkammer, to frå kvar lunge. Dei nemnast som øvre og nedre, høgre og venstre. Somme tider har venene frå øvre og midtre lungelapp på høgre side ikkje smelta saman før innmunning i hjartet, det blir då tre høgresidige lungevener til hjartet. Tilsvarande har dei to venstresidige somme tider felles innmunning til hjartet, det blir då ei venstresidig lungevene. Ein kan difor rekne alt frå tre til fem lungevener til høgre side av hjartet som normalt[1].

Feilinnmunning av ei eller fleire lungevener er ein komplisert medfødd hjartefeil kalla anomale lungevener. Ein meiner då at lungevenøst blod kjem inn i høgre framkammer i staden for venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. St John Sutton MG og Maniet AR: Atlas of multiplane transesophageal echocardiography. Martin Dunitz, 2003.