Lurefjorden

Koordinatar: 60°41′43.930″N 5°8′1.3380″E / 60.69553611°N 5.133705000°E / 60.69553611; 5.133705000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°41′43.930″N 5°8′1.3380″E / 60.69553611°N 5.133705000°E / 60.69553611; 5.133705000

Lurefjorden
fjord
Seim kyrkje og utsyn mot Lurefjorden.
Land  Noreg
Kart
Lurefjorden
60°41′44″N 5°08′15″E / 60.695555555556°N 5.1375°E / 60.695555555556; 5.1375

Lurefjorden er ein fjord i Nordhordland i kommunane Alver og Austrheim. Han strekkjer seg 16 km frå nordvest til søraust og endar i Seimsfjorden som strekkjer seg 5 km vidare sørover til Seim.

Fjorden har heile fem innløp mellom dei mange øyane i Austrheim. Det største innløpet går inn Fosnstraumen frå Hoplandsosen og Fedjefjorden i nordvest. Lengst nord i fjorden ligg grenda Litlelindås. Øya Lygra, som fjorden er kalla opp etter, ligg på sørvestsida av fjorden, som her ligg heilt innanfor Lindås kommune. Lygra er lang og smal, om lag 5,5 km lang 700 meter på det breiaste. På austsida ligg grenda Kvalvågen og tettstaden Hundvin.

Ved Kråketangen deler fjorden seg i to. Seimsfjorden held fram på vestsida, medan den særs smale Rydlandsvågen strekkjer seg 3,5 km søraustover på andre sida. Vågen er stort sett aldri meir enn 100 meter på det breiaste.

Fjorden har ein spesiell topografi med grunn terskel på rundt 20 m og store område med djup fjord. Dette medfører lita utskifting av vatnet med havet utanfor og har gitt Periphylla periphylla, ei djupvassmanet, gode vilkår. Maneta har utkonkurrert det meste av anna liv i fjorden.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]