Lutetium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For den geologiske alderen, sjå Lutetium i eocen
Lutetium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Lu, atomnummer 71 og atommasse 174,97. Lutetium høyrer til lantanidene.
Innhaldsliste |
Særlege kjenneteikn [endre]
fysiske eigenskapar [endre]
Smeltepunkt: 1652 gradar celsius Kokepunkt: 3327 gradar celsius Densitet: 9,84 g/cm3
Bruk [endre]
Lutetium vert brukt i legeringar og som katalysator.
Historie [endre]
Lutetium vart oppdaga av Georges Urbain og Carl Auer von Welsbach i 1907.
Førekomst [endre]
Lutetium finst saman med andre sjeldne jordartar i ein del mineral.