Måleininga karat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Karat.

Karat er det same som 200 mg og blir nytta i Noreg og andre land som vekteining i samband med verdifastsetting av perler, diamantar og andre edelsteinar. Før det nye målesystemet vart innført i Noreg i 1875 utgjorde ein karat 192 mg.

Medan 1 karat historisk har svart til 207 mg, vart 1 metrisk karat redefinert til 200 mg av den 4. CGPM (Conférence Générale des Poids et Mesures) i 1907 for handel med perler, diamantar og andre edelsteinar. I Noreg vart den metriske karat innført ved lov av 31. oktober 1946.

1 metrisk karat = 200 mg = 2 × 10−4 kg

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av var det vanleg å nytte ulike frø og nøtter som målestokk for vekt. Ein valde då frø som syntest å vere mest mogleg like kvarandre for å minske vektvariasjonar. Ein karat var då lik vekta av tre byggkorn (3 grain) eller 4 kveitekorn. Dette førte til at det vart lokale variasjonar alt etter fukt og planteveksttilhøve.

Karat var opphavleg ei nemning på frø frå Johannesbrødtreet. Frøa vart nytta som lodd av handelsmenn som kjøpte og selde edelmetall og -steinar.

Tidlegare vart nemninga karat òg nytta om reinheits- eller finheitsgraden i edelmetall og anna metall, men i dag nyttar ein tusendelar om reinheita i desse varene.

24 karat var da det same som 100/100 eller 1000/1000. Den vanlege legeringa i smykker inneheldt 14 karat gull som svarte til 58,5 % eller 585 ‰ medan dei resterande 10 karat var andre metall.