Perle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perler

Perle er ei kalkdanning som skjer i dei fleste muslingar, og som består av det same materiale som skallet. Ei ekte perle – naturperla – oppstår ved at eit sandkorn eller eit framandlekam kjem inn i ein musling. Muslingen skil då ut ein såkalla perlesubstans for å kapsle inn irritasjonen. Det dannast lag på lag av perlesubstans, og jo lenger tid dette pågår, jo større blir perla. For at perla skal få ein brukbar storleik, må ho ligge lenge i muslingen. Naturperler av ein viss storleik er derfor særs sjeldsynte - og kostbare.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Naturperler

Når det gjeld ekte perler, skil vi mellom orientalske perler/naturperler og ferskvassperler. Desse perlene er danna utan menneskeleg innsats. Dette er den einaste skilnaden på naturperler og kulturperler. Vakre naturperler blir stadig sjeldnare.

  • Ferskvassperler

Dei er vakre og verdifulle, men dei fleste er ufullkomne både i form og farge, og dermed utan verdi. I Noreg finst ferskvassperler i elvemuslingen i elvene våre. Mest kjent er Jærperlene, som finst i stilleflytande elver på Jæren.

  • Biwa kulturperle

Biwa kulturperlene er vel dei mest kjende av perlene som blir produsert i ferskvassmuslingar. Nemninga Biwa kjem frå Biwa-sjøen utanfor Tokyo kor dei starta å dyrke denne perla. Ferskvasskulturperler blir òg dyrka andre stader, mellom anna i Kina. Biwa-kulturperla har ingen kjerne slik som dei andre kulturperlene. Eit stykke vev utan perlemorskjerne blir operert inn i muslingen. Perlene blir derfor ofte særs uregelmessige(barokke), men har ein særs vakker glans.

  • Mabe kulturperle

Mabeblister eller Japan-perler er òg namnet på desse kultur halvperlene med ei perlemor underdel. Halvkuler av perlemor blir festa til innsida av muslingskallet og blir der dekte av perlemor.

  • Kulturperler

De perlene vi kjenner best, er kulturperlene. Desse har fått namnet sitt på grunn av at dei blir dyrka (kultivert) av menneske. Det var japanaren Kokichi Mikimoto som i 1893 etter mange års forsøk endeleg klarte å dyrke runde perler. Dette vart gjort og blir gjort framleis – ved at ei perlemorkule blir poda inn i muslingen som blir irritert og skil ut perlesubstans, som veks i lag rundt perlemorkula. Etter at perlemorkula er poda inn i muslingen, blir muslingen senke ned i havet i store kurver og omhyggeleg pleidd. Kvinnelege dykkarar reingjer kvar musling for algar, tang og tare kvar sjette veke, og det tar tre til seks år før ei perle er ferdig. Jo lenger perla ligg i muslingen, jo tjukkare blir perlesubstansen. Berre kvar tiande perle er så fin at ha kan nyttast til smykke.

  • Imiterte perler

Perler kan imiterast på ulike måtar. Imitasjonen blir laga med ein syntetisk kjerne som blir dekt med ei blanding som inneheld fint knust glas, fiskeskjel, perlemor, «lim» og kjemikaliar. Imiterte perler har liten verdi, og er lett å skilje frå dei ekte og kulturperlene. Dersom ein skulle vere i tvil, kan ein berre ta perla og føre ho over kanten av tennene. Viss ho er uekte, er ho glatt, medan ei naturperle eller ei kulturperle er ru som sandpapir.

Perler i kulturhistoria[endre | endre wikiteksten]

For lenge sidan trudde ein at perler var engletårer som hadde falle ned i havet. Glansen til perla har i hundrevis av år vore eitsymbol for venleik og reinheit. Dei gamle indarane oppfatta perla si form som eit symbol for at gudane var fullkomne. Perler har vore særs kostbare og vart lenge sett på som eit statussymbol. Keisar Nero let veggane i berestolen sin kle med perler, og rike romarinner bar sette perler på sandalane og tre rader perler om halsen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perle