Målenormal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein målenormal er ein lekam, måleinstrument, referansemateriale eller målesystem som vert nytta til å definere, realisere, oppbevare eller reprodusere ei måleining eller ein eller fleire nøyaktige verdiar av ein målestorleik.

I Noreg vert dei nasjonale normalane forvalta av Justervesenet. Til dømes er den nasjonale normalen for masse eit lodd på eitt kilogram som er ein kopi av prototypen som ligg i Paris. På lågare nivå kan normalane samanliknast og kalibrerast mot dei nasjonale normalane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]