Madagascar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg landet Madagaskar.

Madagascar, kalla Madagaskar på norsk, er ein amerikansk dataanimert film som er produsert av DreamWorks Animation frå 2005. Filmen handlar om fire dyr (ei løve, ein sebra, ein flodhest og ein sjiraff) frå Central Park Zoo i USA som har levd heile livet i lykkeleg fangenskap som uventa vert sende attende til Afrika, og hamnar på øya Madagaskar. Dei hamnar på Madagaskar fordi dei slost om kven som har skulda for at dei er på skipet. I løpet av denne slåstkampen ramlar dei over bord. Hovudkonflikten i filmen er mellom vennskap og natur. I løpet av filmen bryt vennskapen mellom løva og dei andre saman, og løva gjer forsøk på å ete venene sine. Til slutt vinn likevel venskapen. Madagascar er regissert av Eric Darnell og Tom McGrath. Ein oppfylgjar til filmen, Madagascar: Escape 2 Africa, kom ut i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]