Magasinet Mojo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mojo
Oppretta1993
Språkengelsk
Nettstadhttp://www.mojo4music.com/

MOJO er eit populært musikkmagasin opphavleg publisert av Emap, og sidan januar 2008 av Bauer, kvar månad i Storbritannia. Etter suksessen med magasinet Q, såg Emap etter eit magasin som skulle omhandle den gryande interesse for classic rock-musikk. MOJO kom første gong ut 15. oktober 1993,[1] og hadde Bob Dylan og John Lennon på framsida av den første utgåva. Magasinet var kjend for den djupe dekkinga av både populære artistar og kult-artistar og vart ein inspirasjon for magasin som Blender og Uncut. Mange kjende musikkritikarar har skrive for bladet, som Charles Shaar Murray, Greil Marcus, Nick Kent og Jon Savage. Den første redaktøren i MOJO var Paul Du Noyer,[2][3] og han har vore etterfølgd av Mat Snow, Paul Trynka, Pat Gilbert og John Mulvey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Q team targets oldies market». Music Week: 7. 14. august 1993. 
  2. «Paul Du Noyer». Penguin Books UK (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. desember 2017. Henta 23. desember 2017. 
  3. Carlin, Peter Ames (3. november 2009). Paul McCartney: A Life (på engelsk). Simon and Schuster. ISBN 9781416562238. Arkivert frå originalen 27. juni 2021. Henta 27/ oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]