Magnetomotorisk spenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnetomotorisk spenning eller magnetisk potensialdifferens, tidlegare kalla magnetomotorisk kraft, mellom to punkt i eit homogent magnetfelt er lik den magnetiske feltstyrken, H, multiplisert med projeksjonen i retninga til feltet av avstanden mellom punkta. Den resulterande magnetomotoriske spenninga langs ei lukka kurve er lik den totale elektriske straumen gjennom ei flate som blir avgrensa av kurva. Når ein straum går gjennom ein spole som har mange vindingar, blir den magnetomotoriske spenninga mellom endepunkta av spolen lik produktet av straumen i kvar vinding og mengder vindingar og blir difor ofte kalla amperevindingstalet. Denne spenninga Har i SI-systemet nemninga ampere (A). I eit lukka magnetisk krinslaup er den magnetiske fluksen (induksjonsfluks) lik tilhøvet mellom den magnetomotoriske spenninga og reluktansen (magnetiske motstand) i krinslaupet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]