Maharees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maharees is located in
Plasseringa på Irland

Maharees (irsk: Na Machairi) er ei halvøy på Dinglehalvøya i County Kerry i Republikken Irland. Maharees er eit senter for brettsegling og anna vassport i Kerry.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Maharees er ein 5 km lang tombolo på nordsida av Dinglehalvøya. Nord for Maharees ligg Seven Hogs eller Mahareeøyane. Den største av desse, Oileán t-Seanaigh, inneheld ruinar av eit tidleg kriste kloster som skal ha vorte grunnlagd av St. Senan600-talet. Halvøya er stort sett dekt av sand og sanddynene har danna eit unikt økosystem. Her finn ein mellom anna den sjeldne stinkpadda (Epidalea calamita). Ein har lange strender på begge sider av halvøya. På vestsida ligg Brandon Bay og på austsida Tralee Bay. Brandon Bay ligg rett mot Nordatlanteren og får ofte lange rullande bølgjer som gjev gode forhold for surfing.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]