Dinglehalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Dinglehalvøya

Dinglehalvøya (irsk Corca Dhuibhne), stundom anglisert som Corkaguiney) ligg i County Kerry og er det vestlegaste punktet i Republikken Irland. Halvøya vert ofte kalla Corca Dhuibhne, sjølv av engelsktalande innbyggjarar. Corca Dhuibhne, som tyder «Duibhne-stamma» har tatt namnet sitt frå túath (folk, nasjon) av Corco Dhuibhne som heldt til på halvøya i mellomalderen og som eigde område sør og aust for County Kerry. Dinglehalvøya er kalla opp etter byen Dingle og her finn ein mange ruinar frå førhistorisk tid og tidleg mellomalder, som til dømes Gallarus bedekammer heilt vest på halvøya nær landsbyen Ballyferriter (Baile an Fheirtéaraigh) i Ard na Caithne. Halvøya består stort ett av sandstein som har danna fjellkjeda Slieve Mish i aust og ei anna fjellkjede sentralt på halvøya lenger vest. Det høgaste fjellet på Irland utanfor Macgillycuddy's Reeks er Mount Brandon med ei høgd på 951 m. Fjellet er ein del av ein høg rygg med flott utsyn over halvøya og Nord-Kerry.

Conor Pass, som går frå Dingle sør på halvøya mot Brandon Bay og Castlegregory i nord, er den høgaste fjellovergangen på Irland.

Blasketøyane ligg utanfor vestkysten. Desse øyane har stått folketomme sidan 1950-åra då styresmaktene flytta innbyggjarane til fastlandet, sidan den grove sjøen ofte gjorde det umogeleg å ha samband med fastlandet.

Vestenden av halvøya høyrer til Gaeltacht-området (irsktalande område) og fleire kjende forfattarar og diktarar har sitt opphav her, som Ó Siochfhradha og Peig Sayers.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Dinglehalvøya
Dinglehalvøya

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 52°11′36″N 10°05′02″W