Mahinda Rajapakse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mahinda Rajapakse

Mahinda Rajapakse (fødd 18. november 1945) er ein srilankisk politikar som var president av Sri Lanka frå 2005 til 2015. Han høyrer til det sosialistiske partiet Sri Lankas Fridomsparti (SLFP).

Rajapakse blei vald til president på Sri Lanka den 17. november 2005 og innsett den 19. november. Han var tidlegare statsminister i landet. I presidentvalet fekk Rajapkse 50,33 prosent eller rundt 180 000 fleire stemmer enn konkurrenten Ranil Wickremasinghe. Rajapakse blei etterfølgd som president av Maithripala Sirisena etter eit valnederlag den 9. januar 2015.

Mahinda Rajapakse er ein singalesisk buddhist frå Hambantota sør på øya. Før han blei valt hadde han markert seg som kritisk til fredsprosessen med dei tamilske tigrane og det han oppfatta som utanlandsk innblanding, mellom anna frå Noreg. Opprørsgruppa oppfordra folk til å boikotta valet. Som følgje av dette var valdeltakinga blant srilankiske tamilar svært låg. Det var likevel venta at Rajapakse vil fortsetja fredssamtalane.

Rajapakse er utdanna advokat, men blei rikspolitikar for Hambantota i 1970. Far hans var før han folketingsrepresentant for det same området frå 1947 til 1960. Han har lenge vore ein alliert av tidlegare president Chandrika Kumaratunga, og var frå 1994 til 2001 minister for arbeid og fiske i regjeringa hennar. I april 2004 blei han utpeikt som statsminister. Ein hadde venta at Kumaratunga skulle velja Lakshman Kadirgamar, ein nær rådgjevar og tidlegare utanriksminister, men han mangla støtte i folket og var i tillegg ein kristen tamil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]