Maldiskusjon:Politiske parti i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tykte denne boksen her var svært vanskeleg å lese. (Firefox 1.0.7 og XP) Kva med litt større skrift på dei nederste seksjonane? Roger 15. des. 2005 kl. 17:48 (UTC)

Einig, dette er nesten umogleg for alle med dårleg oppløysing/små skjermar/ein viss grad av briller. -- Ranveig 15. des. 2005 kl. 18:17 (UTC)
Mykje betre. Men burde ikkje den øverste boksen også vore sentrert på skjermen? Roger 16. des. 2005 kl. 07:12 (UTC)

Eit par, kanskje fleire, av partia her er etter mi meining for små til å vera naturleg innhald i ein slik boks. Eg tenkjer særleg på Norsk Republikansk Allianse og Pilsens Samlingsparti. Begge partia har under 100 røyster ved stortingsval, og har berre stilt opp i eitt val. Me kan sikkert finna andre lokale lister med høgare oppslutnad, utan at me vil kalla dei parti. Eg tek ut desse to, så får me heller diskutera om parti som t.d. Abortmotstandernes liste, Reformpartiet, Samfunnspartiet og andre er parti me bør ha med i lista. --Tannkrem 11:57, 12 mars 2008 (CET)

Dei grøne[endre wikiteksten]

Miljøpartiet dei grøne har no ein stortingsrepresentant. Eg tykkjer difor det er naturleg om dei plasserast på same line som dei andre stortingspartia, heilt øvst. Kunne det vore ordna? Tynnoel (diskusjon) 24. april 2015 kl. 22:32 (CEST)[svar]