Samfunnspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om det eksisterande partiet Samfunnspartiet For partiet med same namn som var representert på Stortinget på 1930-talet, sjå Samfundspartiet

Samfunnspartiet er namn på eit mindre politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagd i 1985 av Øystein Meyer Johannessen. Partiet har skildra seg sjølv som anarkistisk og bygd på bodskapen om nestekjærleik frå Det Nye Testamentet og humanistisk respekt for menneskeverdet.

Partiet har mellom anna hatt kjendisadvokaten Tor Erling Staff som kandidat. I 1995 stilte kunstnaren Ludvig Eikaas til val som ordførarkandidat for partiet i Oslo. Andre partinominasjonar skal ha blitt gjort utan at dei nominerte visste om det; mellom anna blei biskop Øystein I. Larsen, tidlegare medlemmer av Kystpartiet og redaktørar i fleire aviser nominert til valet i Nordland i 2005 mot sin vilje.

Johannesen og Samfunnspartiet har i samband med særleg stortingsval nytta utradisjonelle metodar for å få merksemd. Særleg i 2005 fekk partiet stor merksemd etter at det vart parkert ein immitert bombebil med krigstrugsmål skrivne med arabisk skrift på sidene. Under stortingsvalet same året fekk partiet desidert minst oppslutnad, med til saman 42 stemmer på landsplan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen