Maldiskusjon:Sitat3

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bakgrunnsfarge[endre wikiteksten]

Eg er glad i sitatmalane — somme vil kanskje meine eg brukar dei for ofte, men eg har tru på å skape variasjon i artiklane. Men ville det ikkje gjort seg med ein bakgrunnsfarge også på mal:sitat3? Samanlikn t.d. sitata i Ivar Aasen (mal:sitat3) og Petter Dass (mal:sitat). Eg synest den kvite bakgrunnen gjer at sitatet forstyrrer meir for hovudteksten. Kanskje vi kunne prøve ein lys, lys bakgrunnsfarge også i denne malen? - Knut 21:48, 2 august 2007 (CEST)

Jau, dei bør absolutt ha farge, slik at dei kan illustrera på liknande vis som eit bilete. Eg synest det er kjempeflott med passande sitat i ein artikkel. No er grunnfargen den same som bakgrunnsfargen for bileta. Vil ein ha ein annan, skriv ein farge= og så namnet på ein farge. Så langt har eg bare lagt inn lyseraud, -gul, -grøn og -blå på Mal:HTML-farge, men det er lett å legga til fleire.
Eg har håp om å slå saman dei tre sitat-malane etter kvart, men det blir lett litt tull når ein held på og prøver, så eg trur det er best å gjera det trinnvis.--Ranveig 00:35, 3 august 2007 (CEST)
Ja no vart det flott. — Er det forresten nokon logikk i når vi bør bruke kursiv, og når vi bør bruke vanlege skrifttyper i sitat? - Knut 07:07, 3 august 2007 (CEST)