Petter Dass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Underskrifta åt presten Dass frå manntalet i 1701.
Måleri frå 1684 i Melhus kyrkje som etter tradisjonen har vore rekna som Petter Dass sitt portrett.

Petter Dass (16471707) var ein teolog, prest og diktar frå Helgeland i Nord-Noreg. Han er ein kjend representant for barokken i norsk litteraturhistorie. I tillegg til å vere prest dreiv Petter Dass òg med jordbruk og handel. Petter Dass skreiv songar og rimbrev gjennom heile sitt vaksne liv, men berre Dalevisa vart trykt medan han levde. Songane hans vart utbreidde over heile landet, og diktaren sjølv vart seinare ein figur i mange segner i folkeleg tradisjon. Han har ein eineståande posisjon som diktar på norsk grunn i dansketida, og han har betydd så mykje for nordnorsk sjølvbilete at det i dag kan vere vanskeleg å skilje røyndommen om Petter Dass frå mytane.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass var son av Peiter Dundas (frå Skottland) og Maren Falk. Han blei fødd inn i ein av dei mest innflytelsesrike og velståande familiane i Nord-Noreg på den tida. Besteforeldra på morsida var helgelandsfuten Peter Jakobssøn Falk og kona Anne Jonsdotter.

Det er usikkert kvar og når Petter Dass kom til verda, han kan vere fødd på Tjøtta gard eller Troberget i Tjøtta sokn, eller han kan vere fødd på Nord-Herøy eller i Åkvika i dåverande Herøy sokn, ein gong i 1646 eller 1647. Faren døydde då Petter var 7-8 år gammal, og mora gifte seg oppatt med soknepresten i Hadsel, Mogens Pettersen Thielemann. Guten vart då sett bort til slekt av familien i Namdalen. I 1660 vart Petter send til Bergen for å gå på latinskulen der. I 1666 vart han, som ein av 20 norske studentar, immatrikulert ved Universitetet i København, der han studerte teologi.

På slutten av 1660-talet vende han tilbake til Helgeland. Ei tid var han i teneste på futegarden på Nord-Herøy, ei tid var han huslærar hos presten i Vefsn, Jacob Jacobsøn Wirthmann. Sidan fekk han teneste som huskapellan hos kapellanenNesna. Her vart han ordinært som prest i 1672.

Petter Dass gifta seg med Margrethe Andersdtr., stedottera til vefsnpresten, då ho vart med barn. Dei fekk to søner: Lars (ca 1671- ca 87), som døydde som elev på latinskulen i Bergen, og Anders (ca 1675-1736), som vart prest. I ei vise nemner Petter Dass også ei dotter [1].

I 1683 overtok Petter Dass stillinga som residerande kapellan i Nesna, eit av dei rikaste kapellania i Trondheim stift. Den 26. april 1689 døydde soknepresten i Alstahaug, Peder Meyer. Petter Dass søkte straks denne stillinga, og allereie den 18. mai same året vart han utnemnd til sokneprest i det som den gongen var eit av dei største og mest inntektsgjevande sokneprestembeta i bispedømmet. I dette embetet sat Petter Dass fram til han døydde i august (ei kjelde oppgjev 17. august[2]) 1707. 18. september same året vart han gravlagd, truleg under koret i Alstahaug kyrkje[3].

Petter Dass si dikting[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass sine katekismesongar var den av bøkene hans som vart mest seld på 1700 talet. Her tittelblad av utgåve frå 1750.
Nordlands beskrivelse, eit anna namn på Nordlands Trompet, utgjeven i Bergen 1739
  • D. Morten Luthers Lille Catechismus, forfattet i beqvemme Sange under føyelige Melodier (Katekismesongar) utgjeven i Kjøbenhavn 1715
  • Aandelig Tidsfordriv eller Bibelske Viisebog utgjeven 1711
  • Trende Bibelske Bøger, nemlig Ruth, Esther og Judith utgjeven i Kjøbenhavn, 1723
  • Evangelier Sangviis forfattet udi beqvemme Melodier (Evangeliesongar) utgjeven i Kjøbenhavn, 1723
  • Songar og dikt skrivne ved ymse høve. På ei liste i det kongelige Bibliotek i Kjøbenhavn er 126 titlar nemnde, mange av desse visene er gått tapt.

Berre ei av visene hans vart trykt på 1600-talet, men nokre av dei finst i mange avskrifter. På 1700-talet kom bøkene hans ut i mange opplag, Katekismesongane var den som fekk størst utbreiing blant folk flest. På midten av 1800-talet møtte diktinga hans ny interesse også i den kulturelle eliten, og då var det spesielt Nordlands Trompet som vart halden fram.

Salmar og læresongar[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass er kjend som salmediktar, men neppe nokon av salmane hans var skrivne for bruk i kyrkja. Dei var heller meint som læresongar eller andeleg tidsfordriv. Før Petter Dass sine songar vart tekne inn i salmebøkene til Landstad (1869; 7 salmar) og Hauge (1870; 2 salmar), vart dei korta inn og skrivne om. Den mest kjende Petter Dass-salmen, «Herre Gud ditt dyre navn og ære», er opphavleg på 16 vers, som forklarer bøna Helligt vorde ditt Navn i Fadervår. Læresongen vart omskriven av Gustav Jensen til ein mektig salme på tre vers i Landstads reviderte salmebok.

Det er samla mange folketonar til songane hans — til «Herre Gud ditt dyre navn og ære» skal det vere notert ned hundre variantar av melodien.

Petter Dass forkynner luthersk ortodoksi i språket frå barokken. På sitt beste formulerer han kristen tru på ein enkel og genial måte. Dette praktiske og djupe innhaldet er ein hovudgrunn til Petter Dass sin popularitet. Ein annan grunn er hans folkelege stil og form, med jordnære uttrykksmåtar som folk kunne kjenne seg att i.

Rimbrev[endre | endre wikiteksten]

«Matrone dydefuld!
O! Qvinde høy af Gaver!
Jer Bog, saa dyr som Guld
I dag jeg funden haver.
Dens Indhold haver ret
Mit Sind saa vel fornøyet,
At jeg mig siuntes slet

I Himmelen ophøyet.»
Petter Dass i brev
til Dorothe Engelbretsdotter

Av materialet etter Petter Dass finst både brev med latinske tekster og norske rimbrev. Mest kjend er brevvekslinga som starta med En Begiæring til Mad. Dorethe Engebrets-Daatter om et Exemplar af hendis Sange.

Andre brev til kolleger lenger nord i landsdelen syner korleis Petter Dass samla opplysningar som han seinare brukte i diktverket Nordlands Trompet.

Høvesdikt[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass kommenterte dagsaktuelle hendingar i viser som «Forskrækkelig Blodskam som er sked af en gammel Mand ved Navn Iver Skonseng» og «Plaster tjenlig at lægge paa de brændte saar Indbyggerne i BERGENS Stad blev plaget med den 19de Maj 1702». Mange slike viser er gått tapt. I visa «Mammons Regimente og Plutonis Herredømme» skriv han harmdirrande om korleis folk med pengemakt kan skaffe seg både stillingar og doktorgrad.

Mange av høvesdikta er skrivne som minnesongar ved gravferd, etter skikken i samtida. I bryllupsdiktet dedikert Rasmus Angell samanliknar han Rasmus' friarferd med eit vellykka fiske - i ei vise full av barokke ordspel. Denne visa vart eit par hundreår seinare omdikta og teken inn i leseboka til Nordahl Rolfsen som Fiskevise.

Høvesdikta er skrivne på 1600-tals dansk, med spreidde innslag av somme særnorske ord. Tekstane er fulle av referansar til Bibelen og klassisk mytologi, men òg til norsk kvardagsliv.

Petter Dass som økonomisk aktør[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass var òg ein betydeleg økonomisk aktør i prestegjeldet, både som forvaltar av kyrkjegodset og som aktør i fiskehandelen med Bergen. Han kom frå ei slekt med solide materielle ressursar og tette band til innflytelsesrike maktpersonar i Danmark-Noreg.

Allereie som ung kapellan i Nesna viste Petter Dass vilje og evne til å drive økonomisk verksemd. Petter Dass sikta tidleg mot å overta embetet som sokneprest i Alstahaug, den gongen det rikaste prestegjeldet i heile Trondheim stift. Samanlikna med sokneprestar i andre prestegjeld i Nord-Noreg kunne Alstahaugpresten rekne med store inntekter. Fleire gonger gjekk han rettens veg for å sikre seg eller kyrkja inntekter. At Petter Dass må ha vore ein svært halden mann, viser det faktum at han var ein av dei velståande menn i riket, som i år 1700 blei pålagt å låne kongemakta i Københamn ein sum på 600 riksdalar for å finansiere krigen mot svenskane. Då Petter Dass døydde, etterlet han seg ein svært stor formue.

Petter Dass i dag[endre | endre wikiteksten]

300 år etter at diktaren døydde stridest forskarar om presten dikta «makt til folket» eller om verdsbiletet han forkynte gav folket avmakt[4]. . Men den fargerike diktinga til Petter Dass har utvilsamt inspirert både teologar og kunstnarar, også i vår tid.

På 1970- og -80-talet vart utdrag av visene hans sunge av mellom anna Birgitte Grimstad og Erik Bye. Seinare har Ola Bremnes gjeve ut bøker og musikk med Petter Dass sine originaltekster i utval. Gjennom dette arbeidet har han vist publikum nye sider av diktinga hans. Motiv fra Dass sine dikt har inspirert målaren Karl Erik Harr. Petter Dass-kapelletTræna er dekorert med Harr sine illustrasjonar til Petter Dass si dikting. Petter Dass har òg vore ein inspirasjon for den nyaste boka til forfattaren Henrik H. Langeland.

Petter Dass-museet i Alstahaug er valt til tusenårsstad for Nordland.

Avisa Vårt Land deler kvart år ut Petter Dass-prisen som ein påskjønning for å ha sett kristen tru på dagsorden i samfunnet på ein jordnær og folkeleg måte.

Petter Dass sine salmar er omsette og tekne med i danske, norske og samiske salmebøker. Vi finn dei att i sju salmar i Norsk Salmebok frå 1985. Den katolske kyrkja har i si salmebok Lov Herren med 14 av salmane til lutheranaren Petter, 11 av desse redigert av Lars Roar Langslet.

Frå Norsk Salmebok:[endre | endre wikiteksten]

Frå salmeboktillegget «Salmer 1997»:[endre | endre wikiteksten]

  • Nr 40 a og b) «Herre Gud ditt dyre navn og ære»
(8 vers av 16, i originaltekst)
  • Nr 128: «Den ljuse dag går under»
  • Nr 203: «Så kom Guds Ånd i Zachariæ tunge».

Frå Lov Herren katolsk salmebok[endre | endre wikiteksten]

  • Nr 308-310: «Herre Gud ditt dyre navn og ære»
  • Nr 311: «Min Gud vi vet for visst og tror»
  • Nr 312: «Om alle mine lemmer»
  • Nr 486: «Hør, alle himler, du jord la det merke»
  • Nr 512: «O Hellig Ånd jeg gjerne»
  • Nr 526, 527: «O herre, la ditt rike»
  • Nr 528: «Gud jeg tror og det bekjenner»
  • Nr 688: «Gud være lovet bredt og vidt»
  • Nr 705: «Den lyse dag går under»
  • Nr 775: «Kristus kom med vann og blod»
  • Nr 781: «O Jesus for din alterfot»
  • Nr 808: «Likesom alle fra skapelsens vorden»
  • Nr 809, 810: «De folk som på jorderik bygge»
  • Nr 811: «Kom alle folk som med sorgen må slite».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Petter DassWikikilden (frie originaltekstar)
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Petter Dass
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Petter Dass

Sentrale biografiar[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Petter Dass sine diktverk
  • Petter Dass sine skrifter i utgåve ved A.E. Eriksen 1874-1891, P.T. Mallings Bogtrykkeri
  • Alfred Jakobsen (1952): Norskhet i språket hos Petter Dass (Håløygminne)
  • P.E. Rynning: Salmediktingi i Noreg. Samlaget 1954

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 18. verset i «Peder Dasses Klage-Sang udi hans 6 aars langvarige Sygdom»
  2. Ifølgje Kåre Hansens biografi oppgav kapellan i Nesna, Johan Hanssøn Klæbo, dødsdatoen til 17. august i eit brev han skreiv i 1716. Dette skal vere den einaste kjente kjelda for dødsdatoen.
  3. Nordland fylke, Brønnøy, Ministerialbok nr. 813A02 (1677-1718), Kronologisk liste 1707, side 306
  4. Klassekampen om diskusjonen etter Hansens Petter Dass-biografi