Manikongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Manikongo var tittelen til herskaren i kongeriket Kongo mellom det fjortande og det syttande hundreåret. Manikongoen utnemnde styrarar for dei seks provinsane i kongeriket, og fekk tributt frå ein del andre område.

Makta til manikongoen blei truga då portugisarane grunnla kolonien Luanda i 1571. Kolonisatørane fekk stadig meir makt, og tok fullstendig over etter slaget ved Mbwila i 1655. Dei halshogde den siste manikongoen og avskaffa med dette stillinga og kongeriket hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]