Tributt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tributt er ei yting ein er skuldig nokon. Det kan brukast om ei skatteytingar eller avgifter, særleg dei ein vasallstat yter til ei sentralmakt. «Tributt» blir også brukt i tydinga hyllest.

I Romarriket var tributt opphavleg ein formuesskatt som blei oppkravd etter tribus. Sidan viste det til ein alminneleg riksskatt som blei oppkravd i nødstider.

Sidan har tributt vist til avgifter betalt av undertvinga folk til overherrane sine.

Ordet «tributt» er avleidd av latin tributum ('bidrag, skatt'), perfektum partisipp av tribuere ('tilstå, yte').

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]