Marble Arch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For platemerket, sjå Pye Records.
Marble Arch i London.

Marble Arch er eit bogemonument i kvit marmor som i dag står nær Speakers' Corner i Hyde Park i London, ved vestenden av Oxford Street. Namnet blir også brukt om staden like rundt monumentet og undergrunnsstasjonen Marble Arch.

Buckingham Palace med Marble Arch.

Monumentet blei utforma av arkitekten John Nash i 1828 som ein seremoniell portal til Buckingham Palace, den nye kongelege residensen som også blei utforma av Nash. Han er basert på Konstantinbogen i Roma, og er bygd i carraramarmor. Marble Arch blei opphavleg sett opp på The Mall like utanfor Buckingham Palace, men det viste seg raskt at opningen var for smal til at monarken si vogn kunne køyra gjennom. Han blei derfor flytta til si noverande plassering i 1851.

Bogen står like ved Tyburn, der ein utførte talrike offentlege avrettingar mellom 1388 og 1793. Ein plakett som markerer staden er sett ned på ei trafikkøy like ved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]