Marianne Adam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marianne Adam


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 19. september 1951 (72 år)
Luckenwalde
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Marianne Adam i 1975.

Marianne Adam (fødd 19. september 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Luckenwalde. Ho var 1975-76 verdsrekordhaldar i kulestøyt og representerte Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Adam deltok internasjonalt i kulestøyt. Etter femteplass under Sommar-OL 1972, støytte ho ved EM i friidrett 1974 i Roma 20,43 meter og tok sølvmedaljen. I mars 1975 vann ho kule-tevlinga ved innandørs-EM i Katowice, der ho med 20,05 m slo Tsjekkias Helena Fibingerová med 8 centimeter.

Den 6. august 1975 sette Adam verdsrekord med 21,60 meter i Berlin. Ho forbetra rekorden til 21,67 m i Karl-Marx-Stadt 30. mai 1976, men denne vart sletta av Ivanka Khristova allereie 3. juli. Adam oppnådde 20,55 m i OL-finalen 1976 i Montreal og enda med det på fjerdeplass. Sommaren 1979 presterte ho livsbeste 21,86 meter i Leipzig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]