Marie Under

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fil:Marie Under.jpg
Marie Under

Marie Under (fødd 27. mars 1883 i Tallinn, død 25. september 1980 i Stockholm) var ein estisk lyrikar. Ho var ein av stiftarane av Den estiske forfattarforeininga i 1922.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marie Under gjekk på tysk privatskule og skreiv dei fyrste dikta sine på tysk medan ho jobba i ein bokhandel. 19 år gammal gifta ho seg med den estiske bokhaldaren Carl Hacker og flytta til Moskva, der dei fekk to ungar. Men ho vart forelska i den estiske kunstnaren Ants Laikmaa og han overtalde henne til å omsetje dikta til estisk, og sende dei til fleire aviser. I 1906 flytta ho tilbake til Tallinn, der ho i 1913 møtte Arthur Adson, som vart sekretæren hennar og samla dei fyrste dikta for utgjeving. I 1924 skilde ho seg frå Hacker og gifta seg med Adson.

Allereie då ho gav ut den fyrste diktsamlinga si, Sonetter i 1917, vart ho anerkjend som forfattar. Debututgjevinga hennar er sentrallyrisk og prega av tysk ekspresjonisme. Seinare tok ho opp sosiale og filosofiske problem. I 1942 kom samlinga Med sørgende munn som avspegla den tragiske skjebnen til Estland under den andre verdskrigen.

Frå 1944 budde ho i Sverige. Familien var nesten eit år i flyktningleir, før dei i 1945 flytta til Mälarhöjden og busette seg der. Utgjevingane derfrå viser både einsemd og heimlengsel. Eit utval av dikta hennar kom på svensk i 1963 med tittelen Vigilia.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sonetid (1917)
  • Eelõitseng (1918)
  • Sinine puri (1918)
  • Verivalla (1920)
  • Pärisosa (1923)
  • Hääl varjust (1927)
  • Rõõm ühest ilusast päevast (1928)
  • Õnnevarjutus (1929)
  • Lageda taeva all (1930)
  • Kivi südamelt (1935)
  • Mureliku suuga (1942)
  • Sädemed tuhas (1954)
  • Ääremail (1963)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Agder leser baltisk – Et møte med den baltiske litteraturen 2009, s. 47: Marie Under.
  • Artikkelen om «Marie Under» på Wikipedia på engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]