Marilyn Waring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marilyn Joy Waring (fødd 7. oktober 1952 i Ngaruawahia) er ein newzealandsk feminist, tidlegare politikar og parlamentsmedlem for det konservative partiet, aktivist for kvinner sine menneskerettar og miljø, utviklingskonsulent, forfattar og akademiker, kjent som grunnleggjar av feministisk økonomi. Ho var medlem av New Zealand sitt parlament frå 1975 til 1984 og var bl.a leiar for Finanskomiteen og medlem av utanrikskomiteen. Ho vart internasjonalt kjent i 1984 då ho utløyste parlamentsvalget det året gjennom å støtta Labour-opposisjonen sitt framlegg om atomvåpenfri sone rundt New Zealand. Ho er no professor i offentleg politikk ved AUT University, var styremedlem i sentralbanken i New Zealand frå 2005 til 2009 og har jobba som ekspert for fleire FN-organisasjonar. Den mest kjende boka hennar er If Women Counted frå 1988.